– Det er skremmande – men samstundes veldig kjekt at folk vil bruka mykje fritid på å vera med på dette.
Ottar Wiik er på veg inn i Vikjahalli, det 104 år gamle ungdomshuset i Vik, der Wiik har stått bak - saman med fleire andre - musikalske oppsetjingar av diktinga til mellom andre Ivar Aasen, Per Sivle og Jakob Sande. Men på oppmoding frå NRK Sogn og Fjordane er det Wiik sine eigne viser som skal framførast.
Og akkurat denne kvelden skal ei av dei siste øvingane før premieren på kabareten «Rundballeri hurra!» finna stad, med over tretti lokale songarar og musikarar.
Ungar kan visene på rams
I førti år har Wiik sett det særmerkte i livet langs vestlandsfjordane, som mange av oss har sett oss blinde på. Slikt kan det bli klassiske viser av, som «Statistikkvise», «Sogn og Fjordane» og «Rundballevise». Nokre av dei blei gitt ut på plata «Her langs fjorden» for 20 år sidan.
- Les òg:
Skarp observasjonsevne og ein velutvikla sans for det kvardagsleg komiske blir gjerne trekt fram som to kjenneteikn ved visetekstane til Wiik.
I visene kan Wiik finna på å sjå med skrått blikk på både heimfødingmentalitet og haldningar til innflyttarar, som i «Tale til innflyttaren»:
Du trur du kan komma her
Og meina i hytt og ver
Kar skapet ska sta
Kar vegen ska ga
Kar hunden ligg graven ned
Lat hunden vår liggja i fred!
– Ein ønskjekonsert
– Samstundes som han skildrar det typiske ved einskilde vestlendingar, er visene på same tid ei kjærleikserklæring til fjordfolket, som han har stor respekt for, seier Jens Brekke.
Kulturarbeidaren i Vik har arbeidd mykje i lag med Wiik sidan sistnemnde flytta til sognebygda i 1980. Brekke bidreg òg mykje i jubileumskabareten og er glad Wiik har late seg overtala til å laga ei framsyning med eigne viser.
– Sidan eg har fått vore med og spela visene til Ottar i 35 år, er dette ein rein ønskjekonsert for meg.
«Rundballeri hurra!» har kome til med hjelp av gode musikalske krefter i Vik - og i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane sin Lutt-redaksjon.
- Høyr: