Hopp til innhold

Norsk-rumensk familie får tilbake babyen

Fjordane Tingrett har bestemt at ein norsk-rumensk familie får tilbake det yngste av dei fem borna sine.

Demonstrasjon mot barnvernet i London

STORE PROTESTAR: London er ein av fleire byar der det har vore store protestar mot at barnevernet har teke borna frå foreldra.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Det stadfestar Ragnhild Torgersen som er advokaten til familien overfor NRK.

Den mykje omtala barnevernssaka i Naustdal har skapt fleire protestaksjonar både i Europa og Nord-Amerika då barnevernet tok dei fem borna i november.

Den yngste er baby og den eldste er 11 år. Borna blei plasserte i tre ulike fosterheimar på Vestlandet.

Sikta for vald

Familien gjekk rettens veg for å få attende borna. No får dei altså tilbake den yngste av borna.

Foreldra er sikta for oppdragarvald og saka er framleis under etterforsking.

Ein eigen rumensk politikardelegasjon har tidlegare besøkt Norge for å få barnevernet til å snu i saka. Samstundes har også ei rekkje utanlandske kristne media retta skarp kritikk mot det norske barnevernet. Dei hevdar ungane er tekne frå foreldra på grunn av streng kristen oppdraging.

Tilsette i Naustdal kommune har blitt trakasserte av barnevernskritikarar etter at saka blei kjent.

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

STERKT PRESS: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, meiner barnevernet har jobba rett og profesjonelt, trass sterkt press på dei tilsette.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har opplevd sterkt press

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, seier at dei framleis får jamnleg meldingar, brev og oppdateringar frå store delar av verda i saka. Dommen frå tingretten vil han ikkje gå djupt i offentleg.

– Kommunen er sett til å gjere ei vurdering der ein skal avvege foreldra sine behov for tiltak og for rettleiing. Så har retten gjort nokon vurderingar og det må vi ta til etteretning. Dette er jo ei veldig vanskeleg sak for alle partar som er involvert og for Naustdal kommune, seier Bang Olsen.

– Korleis opplever dine tilsette det presset som har vore?

– Dei i barnevernet og dei som er involverte i saka taklar dette veldig profesjonelt. Eg må berømme våre tilsette som gjer ein jobb for alle barn i Naustdal. Vi er medvitne på å halde fristane og halde oppe kvaliteten på våre tenester, sjølv om vi har fått mykje merksemd. Ein venner seg i grunn til dette også, seier rådmannen.

Kan anke vidare

Barnevernet har ein moglegheit til å anke tingretten si avgjersle om at familien får tilbake omsorga for det minste barnet vidare til lagmannsretten.

– Vi har ikkje drøfta kva vi skal gjere vidare. Premissane i dommen vil eg heller ikkje gå inn på, slår rådmann Øyvind Bang Olsen fast.

NRK oppdaterer saka.