Hopp til innhold

Noregsmeisteren fekk revansje

Det var ein revansjesugen Øyvind Heiberg Sundby som torsdag gjorde seg klar for motbakkeløpet Storehaugen Opp i Lærdal.

Tjalveløparen tapte sigeren til Asbjørn Berland (Samnanger) på dei siste 100 meterane i fjor. I mål skilde det 14 sekund.

Etter å ha bestemt seg for å morgonkvisten torsdag for å årets Storehaugen Opp, sytte den revansjesugne 18-åringen for ny rekord i herreklassa. Den nye rekorden lyd på 32:58.

- Eg hadde lyst til å ta den rekorden, men vart eigentleg overraska over kor bra det gjekk, fortel Øyvind Heiberg Sundby godt nøgd.

Rett frå senga til start

Heiberg Sundby vart i fjor Noregsmeister i motbakkeløp for andre gong på rad. Så langt i år har 18-åringen slite med ein muskelstrekk.

Difor var det rett før start at han bestemte seg for å stille på startstreken i Lærdal.

- Eg har vore skadd ei stund og hadde eigentleg ikkje tenkt å stille. Sidan kroppen kjendes så fin ut i dag tidleg, så tenkte eg å prøve. Det var godt å komme under 33 minutt, seier han etter å ha lagt bak seg den vel 3,4 kilometer lange løypa til Storehaugen 908 meter over havet.

Leia heile vegen

Stigninga på løypa er rekna til 28 prosent. 18-åringen meiner det bør vere mogleg å presse rekorden frå i fjor med endå eitt minutt.

Torsdag leia Heiberg Sundby nærast heile vegen.

- Eg fekk springe jamt og det hjelp litt på. No tok eg rekorden med eitt minutt i år, og så får eg sjå om det ikkje er mogleg å ta den endå meir. Det burde vere mogleg å presse den ned endå eitt minutt, seier han.

Rekord på rekord

Heiberg Sundby rosar arrangørane for eit veldig godt arrangement.

- Sidan stigninga ligg på nær 30 proset, så er dette det eg vil kalle eit skikkeleg motbakkeløp, seier han.

Det var ikkje berre ny løyperekord i herreklassa Bjørghild Holien i arrangementsstaben kunne juble over. I tillegg var 56 år gamle Anna Margrethe Tråve berre 37 sekund frå å slå Merethe Helgheim sin rekord på 41:18 frå 2009.

Måtte hente startnummer

Med 310 mosjonistar og 123 startande konkurranseløparar, vart det også ny deltakarrekord for Storehaugen Opp.

– Vi hadde med 300 startnummer, men eg måtte heim for å hente fleire. Det var eigentleg over all forventing, jublar Holien som saman med Tor Anders Offerdal, Jan Christian Jerving og allereie nemnde Tråve utgjer arrangørstaben.

– Knirkefritt

– Det er berre eitt problem med alle rekordane. Då blir det verre til neste år om vi skal gjere det betre, legg Holien til.

Motbakkeløpet er eit stort dugnadsarrangement. I forkant vart det bore opp 110 liter væske til målpasseringa på toppen, 200 liter til drikkestasjonane langs løypa, samt store mengder utstyr.

– Det vart nokre turar opp i forkant, men alt har gått knirkefritt, seier ho.

Flyttar til mai

Holien deltok sjølv i mosjonsklassa.

– Det var berre blide fjes å sjå. Alle virka veldig nøgde. Det var opphald i veret og traseen var tørr. Det har vi fått mykje ros for, fortel ho.

Arrangørane har i to år prøvd å kome med i Norges Cupen i motbakkeløp. I fjor gjekk det nesten. No håpar dei på neste år.

– Neste år blir det kanskje i mai. Då slepp vi å konkurrere med andre motbakkeløp. Vi reknar Storehaugen som starten på motbakkesesongen, men no i helga er det duka for Hovlandsnuten Opp, fortel ho.