Hopp til innhold

Elise-mål til ingen nytte

Eit mål av Leikanger-jenta Elise Thorsnes er i kveld ingen trøst for dei norske kvinnene som er utslegne frå fotball-VM.

Elise Thorsnes

JUBLA: Elise Thorsnes sende Noreg opp i leiinga mot Australia. Men laget frå 'down under' klarte til slutt å hale i land sigeren.

Foto: NRK

Med 1-2 tap for Australia er dette den dårlegaste VM-innsatsen av Noreg nokon gong, og første gongen at laget ikkje går vidare frå dei innleiande rundane.

Skåra trygt

Det såg likevel lyst ut for Noreg og ikkje minst Elise Thorsnes frå Leikanger. Vel ti minutt etter pause sytte ho for 1-0.

Målet hennar kom etter at ho utnytta dårleg kommunikasjon i det australske forsvaret og snappa ballen foran keeperen. Thorsnes nikka den trygt i ope mål.

Tek det tungt

For langslagssjef Eli Landsem var det frykteleg tungt etter kampen.

– Dette er tungt. Sjølvsagt er det tungt. Eg tenkjer ikkje nødvendigvis på at det er tidenes dårlegaste resultat, men eg tykkjer det er tungt å rykkje ut. Samstundes er det slik i fotball, det kan gå begge vegar, men vi gjorde alt vi kunne i dag, sa Landsem til NRK etter kampen.