Hopp til innhold

Nordic Mining trur på gruvedrift i Naustdal

Kampen om gruvedrift i Vevring med fjorddeponi i Førdefjorden spissar seg til etter kvart som tida for endeleg avgjerd nærmar seg.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

KAMP FOR ELLER IMOT: Det er mange som har meiningar om det skal bli eit sjødeponi i Førdefjorden i samband med ei eventuell gruvedrift.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Ivar Fossum

SIKKER PÅ JA: Direktør Ivar Fossum i Nordic Mining har god tru på at dei får starte med gruvedrift i Naustdal.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi er førebudde på at det blir eit positivt svar, seier direktør Ivar Fossum i Nordic Mining.

I dag hadde leiinga i Nordic Mining møte med Naustdal og Askvoll kommunar. Direktør Ivar Fossum seier dei har fått fleire nye rapportar frå dei siste utgreiingane og målingane. Dei målingar og utgreiingar som no er på gang i Førdefjorden, skal vere ferdige i august.

– Vi har rapportert frå to måleperiodar i Førdefjorden. Deretter blir det ein samlerapport når heile perioden er over. Vi også løpande kontakt med departementa om dei resultata vi kjem til undervegs, seier han.

Nordic Mining har søkt om løyve til gruvedrift i Vevring. Planen er å deponere overskotsmasse frå gruvedrifta i eit sjødeponi i Førdefjorden. Om lag fire kilometer av fjordbotnen vil bli lagt aude over ein periode på 50 år.

Håper på ennå større tryggleik

Kva tid departementet kjem med si avgjerd er usikkert, men det blir uansett ikkje før til hausten.

– Det vi har funne så langt, støttar opp under dei målingane som blei gjort under konsekvensutgreiingane, seier Fossum.

– Det har ikkje kome fram noko nytt som skulle hindre dei planane som de jobbar med?

– Nei, vi kan ikkje sjå det, men håper undersøkingane gir ennå større tryggleik for sjødeponi som ei berekraftig løysing, seier Fossum.

Vil legge til rette for næringa

Miljøvernsminister Tine Sundtoft i Warsawa

POSITIV TIL NÆRINGA: Miljøminister Tine Sundtoft seier regjeringa vil leggje til rette for mineralnæringa i Norge.

Foto: Eivind Molde / NRK

Torsdag var fjorddeponi i Førdefjorden ein del av debatten på Stortinget. Miljøminister Tine Sundtoft sa då at regjeringa vil leggje til rette for mineralnæringa i Norge.

– Sundvold-plattforma seier at næringa kan nytte sjødeponi, men at vi vil stille strenge krav og sikre miljøovervaking. Det føreset at det ikkje finst andre areal for deponi som er ei betre løsying, sa ho frå talarstolen.

Ho seier det er rett at mineralverksemder kan generere store mengder restmassar, som det må finnast gode deponeringsløysingar på.

– Vi veit at ny gruveverksemd med deponibehov, reiser fagleg krevjande spørsmål. Miljøbelastninga skal vere minst mogleg og sakene må difor utgreiast grundig før avgjerande blir tekne, seier Sundtoft.

Budde på positivt svar

Direktør Ivar Fossum i Nordic Mining seier at om dei får eit ja, treng dei fire år før dei kan setje i gang produksjonen ved Engebø. Han seier dei er førebudde på positivt svar.

– Det har vi vore lenge fordi vi meiner at prosjektet har så mange positive sider ved seg at det fortener å bli ein del av lokalsamfunnet. Det er ein unik førekomst og har mange miljømessige fordeler i eit internasjonalt perspektiv. Det vil bringe kortreiste mineral til den europeiske marknaden.

I dag møtte gruveselskapet Askvoll og Naustdal kommunar. Fossum seier eit tema var korleis kommunane kan førebu seg for å få bedrifta på plass om det blir gruvedrift.

– Det går på busetnad, miljøoppfølging, tilrettelegging av veg og infrastruktur. Vi diskutere det meste, seier han.

Trur på god sakshandsaming

Øyvind Bang-Olsen

SKAL KLARE UTFORDRINGANE: Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal seie dei skal klare utfordringane om det blir gruve-ja.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Rådmann Øyvind Bang-Olsen seier det er tidleg i prosessen, men meiner kommunen skal klare å løyse utfordringa om det blir gruve-ja.

– Slik eg kjenner prosjektet over mange år, har eg tillit til at dei analysane som blir gjort, blir utført på ein god måte. Det må vere eit ønskje frå alle saman at det er god sakshandsaming, seier Bang-Olsen.

Blir det klarsignal, er det eit kontroversiell avgjerd som mange har kjempa mot. Laurdag var 12 aksjonistar frå Vevring på plass utanfor Stortinget for å demonstrere mot planane.

Vil gjere folk bevisste

Ole Erik Thingnes

TRUR DET BLIR NEI: Ole Erik Thingnes i miljøgruppa er mot sjødeponi og trur ikkje det blir noko av.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ole Erik Thingnes som er styremedlem i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og sit for SV i kommunestyret i Naustdal, seier det verkar som om mange snakkar om at det berre finst eit alternativ.

– Og det er at gruvedrift må startast opp ganske snart. Vi ser det frå eit anna perspektiv. Skal det bli gruvedrift, må det gjerast slik at naturen blir skåna.

– Kva gjer de framover mot ei avgjerd?

– Vi må jobbe med å gjere folk bevisste på kva som blir sett i gang. Utad har det blitt framstilt som eit miljøvennleg prosjekt på alle måtar. Sjølv om sluttproduktet kan vere det, betyr ikkje det at prosessen er det.

– Vi må vere med å bidra

Ivar Fossum i Nordic Mining tykkjer det er naturleg at det har vore ein stor miljøkamp frå mange leirar.

– Vi tykkjer det er naturleg at det er ulike syn på etablering av industri generelt og mineralindustri spesielt. Men vi tykkjer det er viktig å ta innover seg at Norge er storforbrukar av mineral og må bidra til desse viktige minerala vi er heilt avhengige av i tida som kjem.

– Trur du det blir gruvedrift og deponi i Førdefjorden?

– Eg er heilt overbevist om det, seier Fossum.

Miljøforkjempar Ole Erik Thingnes trur det kan bli gruvedrift på sikt når teknologien gjer det forsvarleg. Han er sikker på at det ikkje blir sjødeponi i Førdefjorden.

– Det er vi for opplyste i dagens samfunn å gå med på, seier han.