Nordfjordrådet krev kabel

Nordfjordrådet krev i eit brev til olje- og energiministeren at den planlagde kraftlinja som skal gå gjennom fylket blir lagd i kabel.

Leiar Roger B. Silden meiner det bør lagast nye reglar for kabling av kraftlinjer. I brevet skriv han at naturinngrepa blir store dersom linja blir lagd i luftspenn.

Rådet vil også at det blir lagt til rette for fleire tilknytingspunkt for den nye linja.

 

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.