Hopp til innhold

Nordfjording sikta for å ha store mengder bilete av overgrep mot born

Ein mann frå Nordfjord sit i varetekt sikta for å ha skaffa seg overgrepsbilete av born. Mannen er teken med i alt 246 bilete og 14 videosnuttar med overgrepsbilete skaffa via internett.

Barneporno

246 BILETE: Mannen har vedgått å ha skaffa seg bilete og videoar med overgrepmot born. Arkivfoto.

Foto: MATT HOUSTON / AP

Politiadvokat Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt seier det var Interpol som varsla norsk politi om saka.

– Vi snakkar om eit nokså omfattane materiale. Vanlegvis blir slikt straffa med ei lengre ubetinga fengselsstraff.

Sissel Kleiven

- OMFATTANDE MATERIALE: Politiadvokat Sissel Kleiven.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det var i mars i år at Kripos fekk melding frå Interpol om at ein norsk mann hadde skaffa seg overgrepsbilete av born. Saka vart etterforska, og i august fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at den mistenkte mannen var frå Nordfjord.

I oktober gjekk politiet til pågriping av mannen, som sidan har blitt varetektsfengsla i alt åtte veker og har status som sikta.


– Vi ransaka heimen hans, og det vart beslaglagt eit omfattande materiale, som det har teke tid å gå gjennom. Det vart sikra 246 bilete og 14 videosnuttar, seier politiadvokaten.

Har tilstått

Arbeidsgjevaren til den varetektsfengsla nordfjordingen er kjend med siktinga, og forheld seg til politiet si etterforsking av saka.

Politiet jobbar med å gå gjennom materiale og sikre spor, og gjere avhøyr etter kvart som saka går fram. Mannen har tilstått å ha lasta ned ulovlege bilete, seier Sissel Kleiven.

– Han har vedgått straffskuld for besittelse, ja.