Hopp til innhold

Nordfjorden får fleire kraftverk

Fylkespolitikarane vil ikkje stille seg i vegen for fire nye kraftverk langs Nordfjorden. Dei seier ja til Sigdestad og Elde kraftverk i Bremanger, og Stårheim og Klovelva kraftverk i Eid. Det vedtok eit samrøystes fylkesutval onsdag. Kraftverka skal produsere frå om lag 4 til 27 gigawattimar i året.