Noralv er fødd i 1975 og bur i Vik i Sogn. Han har dei siste 18 åra vore journalist i NRK Sogn og Fjordane/NRK Vestland og NRK Kulturnytt. Han er i dag programleiar for programserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Han har vore språkkontakt i redaksjonen i 15 år og held i dag kurs i god og rett nynorsk for journalistar i og utanfor NRK.
Noralv er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Han har tidlegare arbeidd som journalist og spaltist i fleire aviser og tidsskrift, som Dag og Tid og Klassekampen.
Noralv har gitt ut boka «Når far treng meg» (2013), ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg (Spartacus forlag). I 2009 gav han ut boka «Den gode viljen», ein dokumentar om norsk fredspolitikk (Spartacus forlag).
Han har tidlegare og gitt ut reportasjeboka «Bølgedager» (2000) og antologien «Fri» (1998), begge på Tapir akademisk forlag.
- E-post: noralv.pedersen@nrk.no
- Twitter: @noralvp
- Telefon: 997 12 639