Hopp til innhold

Thingnes Bø med nok eit suverent løp - tok sin andre verdscupsiger i helga

Johannes Thingnes Bø frå Stryn gjentok bragda frå i går og sikra seg sin andre World Cup-siger denne helga – langt framfor verdseliten.

Johannes Thingnes Bø

SUVEREN: Johannes Thingnes Bø gjekk ut som nummer ein i dag på jaktstarten. Då han gjekk i mål som førstemann jubla stryningen og peikte mot eittalet.

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

– Helga har vore perfekt. No sit eg som 20-åring med to sigrar, og har vist verdseliten ryggen, seier den nybakte gullmedaljevinnaren, Johannes Thingnes Bø.

Med høg fart i sporet og god skyting, har 20-åringen fått sitt internasjonale gjennombrot under verdscupen. Truleg har dei to løpa sikra han ein plass på OL-laget.

– Eg håpar å få klarsignal før jul, slik at eg kan legge inn ein ekstra god treningsperiode. Eg har vore i toppform sidan Sjusjøen i midten av november, og har i grunn ikkje fått trent så mykje, men eg håpar å få trent meir, seier Bø.

Kan ligge på sofaen heile jula og likevel gå for OL-gull i februar

Struttande av sjølvtillit etter den fantastisk innsatsen i helga, legg han til at han skal vere klar for OL uansett kor mykje han får trent.

– Eg er lettrent, så om eg ligg på sofaen heile jula skal eg gå gode renn over nyttår.

Laurdag utklassa Thingnes Bø alle konkurrentane på sprinten i Annecy-Le Grand Bornand i Frankrike. Han gjekk i mål heile 32,9 sekund føre tsjekkiske Ondrej Moravec. Franske Martin Fourcade blei nummer tre på heimebane.

– Eg gjekk betre på ski i dag enn i går. Det var kjekt å vere startnummer ein og vise at ein er ein vinnar. Det var stort å vinne i går, og ta den første verdscupsigeren. Men, eg er enno meir stolt i dag, når eg går ut med den luka eg har, og klarer å fullføre eit perfekt renn igjen. Eg får inn 29 av 30 skot, og det er det beste eg har gjort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø

PERFEKT HELG: Etter to verdscupsigrar på ei helg, sine første i karrieren, konkluderer Johannes Thingnes Bø med at det har vore ei perfekt helg.

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

Vann med 37,5 sekund

Bø hadde dermed eit glimrande utgangspunkt på dagens jaktstart. Han hadde god fart i sporet og heldt avstanden då han gjekk inn til første skyting. Det blei fullt hus på den liggjande skytinga og i løpet av andre runden auka han leiinga.

– Eg tenkte berre på å skyte som på trening, og ta fem enkle treningsskot. Stå roleg og godt, og berre angripe, seier 20-åringen frå Stryn.

På den andre skytinga blei det ein bom medan den tredje skytinga var feilfri. Denne serien skaut han hurtig og var raskt ute i sporet igjen.

Ved 9,1 km var han over halvminuttet føre nummer to. Det var spennande inn mot den siste skytinga. Han klinka til igjen med fullt hus og Thingnes Bø gjekk i mål heile 37,5 sekund føre nummer to som blei Erik Lesser frå Tyskland. Russaren Anton Sjipuling tok 3.-plassen.

Kopierte broren si bragd

Det er ikkje første gong i familien Bø at det kjem verdscupsigrar på rad og rekkje. Storebror Tarjei tok også to strake sigrar då han vann sitt første verdscupløp i 2010.

– Uansett kva eg gjer, om det er bra eller dårleg, så blir eg samanlikna med Tarjei. Eg kan jo ikkje vere noko dårlegare enn han, seier Johannes Thingnes Bø.

Storebror Tarjei Bø er på høgdeopphald i Seiser Alm i staden for å gå konkurransen i Frankrike.

Ekspertkommentator er imponert

NRK-kommentator Liv Grete Skjelbreid Poirée er imponert over det ungguten frå Markane i Stryn har fått til denne helga.

– I dag gjorde han det veldig bra på ståande. Det var ei perfekt gjennomføring. Løpet viser at det bur mykje i han. Bø er uredd og held roen, seier ho til NRK.no.