Hopp til innhold

No tek alpintalentet påskeferie med godt samvit

– No skal det bli godt med ei avslappande god veke heime, smiler Åge Solheim (18). Laurdag imponerte nordfjordingen med 6.-plass i senior-NM i slalåm.

Åge Solheim

PAUSE: Åge Solheim (18) fekk verkeleg måle krefter med nokre av dei beste slalåmkøyrarane i verda. – Ein blir litt nervøs når veit at dei er der. Du veit du får målt deg. Men det viser også at vegen opp ikkje er så lang som ein trur, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Livet som alpinist er hardt. Noko 30 renn sidan nyttår vitnar om. Då gjer det godt å ta påskeferien i heimlege trakter i Eid.

Og den har 18 år gamle Åge Solheim tenkt å nyte til det fulle.

– Det har gått i eitt sidan jul, så då blir det godt å slappe av og å lade batteria saman med venner. No blir skitreninga lagt til sides for ei veke, seier han.

Avstand

Laurdag noterte han seg for sin førebels beste prestasjon då han køyrde inn til 6.-plass i senior-NM i Hemsedal. Vann gjorde Sebastian Foss-Solevåg med 5,87 sekunds margin til Solheim.

Juniorverdsmeister, og fjorårets bronsemedaljevinnar i OL, Henrik Kristoffersen tok andreplassen. 3,83 sekund føre Solheim.

– Det er heilt klart akseptabelt. Du køyrer mot to av dei beste slalåmkøyrarane i verda og løypa var den tøffaste du kan finne i Noreg. Då vil det skilje litt mellom dei beste og dei litt yngre løparane, seier 18-åringen.

To FIS-sigrar

Solheim har levert ein god sesong, med FIS-sigrar både i Jølster og svenske Sunne. Han har også fleire plasseringar blant dei ti beste.

I tillegg til sjetteplassen i NM, vart det 54.-plass i Super-G, 28.-plass i kombinasjonen og 39.-plass i utfor.

– Eg er nøgd med sesongen så langt. Spesielt i slalåm tykkjer eg det har gått veldig bra, seier 18-åringen.

Ti renn att

Sjølv om skitreninga no blir lagt til sides for ei veke, betyr ikkje det at Solheim vil kvile på lauvbæra den kommande veka. Etter påske er det nemleg fullt køyr att.

– Eg må halde ved like forma, så eg vil trene barmark, seier han og avsluttar:

– Det er att ti renn av sesongen, og eg føler eg fekk vist i Hemsedal at eg er i god form. Samstundes er eg på fjerdeplass i Norgescupen og håpar på ei god plassering her. Dei andre er hakket kvassare enn meg i storslalåm, så eg er nøgd med ei topp-seks-plassering.