Hopp til innhold

No syng ho på norsk

Line Dybedal frå Selje fekk oppleve eit musikalsk eventyr då ho vann årets Urørt i NRK P3 med bandet sitt The Pink Robots. Men så vart det stille og bandet lagt på is.

Line Dybedal

NO OGSÅ PÅ NORSK: Etter å ha gitt ut fleire singlar på engelsk gir Line Dybedal no ut sin første norskspråklege singel.

Foto: Pressefoto

I arbeidet med å skape sin eigen solokarriere har ho gjeve ut fleire singlar på engelsk, men no bestemt seg for å snu, og gir ut sin første på norsk.

Det har resultert i at ho no har blitt lista både i NRK P1 og NRK P3 frå denne veka.

– Det kjennest utruleg bra å ha jobba med noko så lenge. Prøve og prøve og så endeleg så går det. Særleg etter å ha gått ei heftig runde med meg sjølv om kva som er meg.

Høyr musikken og heile intervjuet med Line Dybedal her.

Etter å ha vunne Urørt i NRK P3 i 2010 var he Pink Robots eit av dei heitaste namna i norsk musikk. Bandet rakk å gi ut to plater og blei også nominerte til a-ha stipendet i 2011 før The Pink Robots blei lagt på is.

Videosnutt frå The Pink Robots på Bylarm 2010.

No er Line Dybedal ute med ny singel på norsk "Stille".

– No gjer eg det som kjenner er naturleg for meg. Det som er hipt og pop og lyden av 2015 har eg lagt vekk og berre brydd meg om det som er meg, og det trur folk.

– Du seier du prøvde og prøvde, var du freista til å gi opp i under vegs når du følte du ikkje kom nokon veg?

– Ja, heile tida, men no har eg vore i denne bransjen i 10 år og veit at det er bølgedalar.

– Kva var det avgjerande for at du bestemte deg får synge på norsk?

– Eg veit ikkje heilt, men så fekk eg gode tilbakemeldingar etter byrja å synge med Odd Erik Lothe på norsk. Det var og noko som eg tok med meg i dagjobben som kantor i Bergen, der eg omsette alt til min dialekt og det likte folk.