Hopp til innhold

No startar manusarbeidet om Jølsterkunstnaren

Over påske går filmskaparar i gang med å skrive manus om Nikolai Astrup.

Nikolai Astrup (sjølvportrett)

KUNSTNAREN: Livet og kunsten til Nikolai Astrup har først i år nådd ut i verda. No ligg alt til rette for at det også blir film om kunsten og livet til Jølstringen.

– No har vi fått ein økonomisk fundament for å jobbe med prosjektet. Det gjer at vi kan sette i gang med manusskriving og research, seier regissør Pål Øie.

Saman med Karl Johan Paulsen og Einar Loftesnes går han over påske i gang med det som skal bli eit dokudrama om den kjende jølsterkunstnaren. Det var Jølster kommune som først kontakt filmskaparane om prosjektet. Etter at kommunen og Vestnorsk Filmfond har sett av pengar til filmen kan første del av prosjektet settast ut i livet.

Filmskapar Pål Øie

FILMSKAPAR: Pål Øie står frå før bak filmar som Villmark 1 og 2. Han har også laga film om kunstmålaren Lars Hertevig.

Foto: Privat

– Vi håpar å ha manus klart til hausten og så skyte film til vinteren, men det er vanskeleg å ha ein klar tidshorisont. Vi får sjå kva tid det tek, seier Øie.

Nikolai Astrup vart fødd i 1880 i Bremanger, men døydde i Førde, berre 47 år gamal, i 1928. I februar i år opna den første internasjonale utstillinga med kunsten hans i London.

Gler seg til å vise fram bygda

Frå Vestnorsk filmsenter har filmen fått 150 000 kroner i støtte, medan kommunen har løyvd 200 000 kroner. Filmskaparane har tidlegare sagt at dei ynskjer å dramatisere nokre av Astrup sine opplevingar og stadar der han målte. I mai kjem dei til Jølster, og då er ordføraren klar til å ta i mot dei med opne armar.

Nikolai Astrup: Soleinatt

SOLEIENATT: Astrup henta motiva sine frå heimtraktene og naturen rundt han stod sentralt i verka hans.

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

– Dei skal møte lag, organisasjon og enkeltpersonar. Dei vil sjå seg om i bygda og sjå korleis dei kan skape filmen. Vi skal få dette til, men då må det også vere lokalt engasjement. Det krev ein del for å vise fram bygda slik den var på 1920-talet, seier ordførar Oddmund Klakegg.

Oddmund Klakegg på Astruptunet

STOLT: Ordførar Oddmund Klakegg gler seg over å vere eit skritt nærare å vise fram kommunen på filmlerretet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Han har snakka mykje med filmskaparane og håpar at pengane som manglar til eit fullstendig prosjekt kjem på plass.

– Det står att mykje, men eg er optimist. Filmskaparane har bevist tidlegare at dei kan lage filmar på høgt nivå med god kvalitet. Det er snakk om å lage ein kinofilm som også kan kome på engelsk og tysk, seier ordføraren.

Samstundes som Øie og dei andre byrjar å pusle saman manus og innhald, så jaktar dei framleis pengar.

– Vi har også andre søknadar ute. Eg syns vi er godt i gong seier Øie.