Hopp til innhold

No startar bygginga av datasenteret

OSLO (NRK): Internasjonale datagigantar går inn i Lefdal gruve. No startar bygginga av det som kan bli det største datasenteret i Europa.

Skisse over framtidas Lefdal gruve

FRAMTIDA: Slik ser verksemda for seg at Lefdal gruve skal sjå ut på innsida - med eit enormt datasenter inne i fjellet.

Foto: Nordwest3D

– Det er ein stor dag, og dette er noko vi har gledd oss til – det er unikt globalt, seier marknadsdirektør Mats Andersson.

Lefdal Mine Datacenter presenterte i dag starten på bygginga av det dei meiner kan bli det største datasenteret i Europa:

I første omgang blir 250 millionar kroner investert inne i fjellhallane i den tidlegare olivingruva i Lefdalsbygda i Eid kommune – midt mellom kommunesentera Nordfjordeid og Måløy.

Planane kan gi mange titals nye arbeidsplassar i regionen, og senteret skal vere i drift frå august 2016.

– Etter seks års arbeid har vi no komme til det punktet at vi skal levere. Inne i gruva driv vi no reinsking og sikring av det tekniske. Så vi er faktisk i gang, seier aksjonær Sindre Kvalheim i Local Host.

Mats Andersson og Sindre Kvalheim i Lefdal Gruve

STOR DAG: Mats Andersson og Sindre Kvalheim la tysdag fram store planar for oppstart av datalagring i Lefdal gruve. Med på laget er mellom andre IBM og Rittal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Internasjonale gigantselskap går inn i satsinga

Måløy-miljøet har fått til planane i samarbeid med to gigantar i forretningsverda. IBM har vore med heile vegen gjennom utvikling, og dei blir med vidare som leigetakar. Tyske Rittal har nettverk i 75 land, og har vore med på industrialiseringa dei siste to åra. Dei har også gått inn på eigarsida og eig no 33 prosent av prosjektet. 50,7 prosent er eigd av lokale investorar i Måløy, medan Sogn og Fjordane Energi eig resten.

IBM skal flytte inn i anlegget når datasenteret er oppe og går, og skal tilby tenester til sine kundar. Tyske Friedhelm Loh Group har også underteikna ei avtale og vil etablere seg i senteret. Dette er konsernet som står bak Rittal.

– Teknologien i Lefdal Mine Datacenter er i seg sjølv eit paradigmeskifte. Fordelane frå naturen er unike, og Norge som lokasjon med eit overskot av grøn kraft og låge energikostnadar er unikt i Europa, seier salssjef Andreas Keiger i den Europeiske delen av Rittal.

– Vi får ikkje berre eit datasenter av høg kvalitet, det er også kostnadseffektivt. Vi er sikre på at andre europeiske selskap vil meine at Lefdal Mine Datacenter er attraktivt, seier han.

Skisse over Lefdal gruve slik den skal sjå ut

OMFATTANDE: Skissene for Lefdal Mine Datacenter seier litt om dimensjonen aktørane ser for seg inne i fjellhallane.

Foto: Nordwest3D

Har tru på at dei kan skape 100 arbeidsplassar

Fleire norske kundar blir sagt å vere på veg inn. Ifølgje selskapet sjølv er Lefdal Mine Datacenter i tett dialog med fleire internasjonale kundar.

– Kor mange arbeidsplassar er det snakk om?

– Når vi er oppe og går med full aktivitet, har eg stor tru på at vi har skapt 100 arbeidsplassar direkte eller indirekte, seier Kvalheim.

Det langsiktige potensialet i gruva er på 120.000 kvadratmeter med areal. Det er nivå tre i gruva som no skal byggast ut. Totalt er det seks nivå delt opp i 75 kammer inne i gruva. Det er planar om å bygge eit kontorbygg ved gruveinngangen.