Hopp til innhold

No skal kveita freiste kresne kokkeganar i Lyon

Oppdrettarane frå Sogn Aqua i Høyanger satsar no på å nå den franske marknaden. Om to dagar står ei prestisjetung matmesse i Lyon for tur.

Blir ti kilo

DELIKATESSE: Oppdrettskveita frå Høyanger har til no gjort seg kjent på gourmetmarknaden i Norge. No står mathovudstaden i Frankrike, Lyon, for tur.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

I 2013 var kveita med kronprinsesse Mette Marit til Paris. Om to dagar står mathovudstaden 500 kilometer lenger sør for tur.

Sirhamessa er ei stor matbransjesamling i Lyon, der kresne kokkeganar kan få prøve nokre av dei finaste råvarene verda har å by på.

– Vi er veldig stolte av å vere der. Vi er trass alt ei lita bedrift. Å vere til stades på ein så stor happening er heilt enormt, seier Jan Brekke, dagleg leiar i Sogn Aqua.

Celebert selskap

Fleire norske produsentar er representerte, mellom dei Salma frå Bremnes, fiskeburgar og skrei frå Lofoten, og ikkje minst kveite frå Høyanger.

Det er kokkar frå bergensrestauranten Søtt+Salt som har fått ansvaret for å tilberede kveita under matmessa.

Den skal serverast på den norske fellesstanden like ved konkurranseområdet til meisterkokkane i Bocuse d`Or, betre kjend som VM i kokkekunst.

Eksponeringa det medfører kan få store ringverknader, trur Brekke.

– Der treffest alle prestisjekokkane frå heile Europa. Når dei møter våre produkt der nede, så har det veldig mykje å seie, seier han.

Satsar i Frankrike

Til no har Sogn Aqua satsa mest gourmetmarknaden i Norge. Eksporten til utlandet har avgrensa seg til nokre sporadiske forsøk. Men det har opprettarane frå Høyanger tenkt å gjere noko med.

Til no har dei hatt nok med å dekke etterspurnaden her i landet, men verksemda er i vekst og har planane klare for å utvide produksjonen.

Målet er at fisken skal få innpass på dei fine kvite dukane på restaurantborda i Frankrike.

– Viss vi klarer å gjere oss merka på gourmetrestaurantane der, vil det vere utruleg bra reklame for oss, seier Brekke.