Hopp til innhold

Tukta dei beste i Norge - no skal Helene (17) måle krefter med dei beste i Europa

Helene Johansen Vikøren (17) frå Årdal gjekk heilt til topps i junior-NM i luftrifle. I morgon går turen til Nederland for å måle krefter med dei beste i Europa.

Helene Vikøren vann junior-NM

TIL TOPPS: Helene Johansen Vikøren (i midten) kunne søndag juble over gull i junior-NM i luftrifle. Her flankert av Jenny Vatne (Nordstrand) og Trine Stette (Kongsvinger) som tok dei neste plassane.

Foto: Privat

– Eg tykkjer eg har jobba godt lenge, og det var fleire som kunne ta tittelen. Eg er glad det vart meg, smiler Helene Johansen Vikøren.

– Det meste kan skje

Vikøren tok seg vidare til finaleomgangane med 413,2 poeng i Alfahallen på Gardermoen. Deretter måtte ein og ein av dei åtte finalistane sjå seg slått av årdølen. Det vart til slutt 205,3 poeng på 20 skot.

NM i luftrifle på Gardermoen

NM: Meisterskapen gjekk i Alfahallen på Gardermoen.

Foto: Privat

No håpar ho på like jamn og god skyting når EM startar i nederlandske Arnhem på onsdag.

– Målet er å gjennomføre arbeidsoppgåvene best mogleg. Ut frå det kan det meste skje, seier 17-åringen.

God utvikling

Vikøren har vist ei svært god utvikling sidan ho starta med luftrifle for halvanna år sidan. Ho har drive med DFS-skyting i åtte år.

I august i fjor vart ho nordisk meister i København, medan European Youth League-finalen i Serbia gav henne sølv.

Helene Johansen Vikøren

TIL EM: Helene Johansen Vikøren likar luftrifle best.

Foto: Privat

– Kan du vere med å kjempe om EM-medalje?

– Det går an, men det er dei beste frå heile Europa som er plukka ut. Og alle vil nok det same.

– Alltid noko å strekkje seg etter

Luftrifle er ein presisjonssport på høgt nivå. Det er også difor ho tykkjer det er kjekkast.

– Det er internasjonalt, og du har alltid noko å strekkje deg etter. I DFS-skyting er det maks 350 poeng og heile tal. I luftrifle er 10,9 det beste, og det er umogleg å oppnå. Då er det om å gjere å tøye det så nærme som mogleg, seier ho.

Med 413,2 poeng på 40 skot i helga, gir det eit snitt på 10,33. Persen hennar er på 10,42 og skriv seg frå januar.

– Det er marginar, smiler ho.