Hopp til innhold

No skal han ete seg i form til EM

For Norges store håp, Sindre Rørstadbotnen, er det å ete nok eit viktig steg mot toppforma eit halvt år før det brakar laus.

Det er eit halvt år igjen til EM i vektløfting i Førde - eit av norges store håp jobbar knallhardt for å nå toppformen.
For Sindre Rørstadbotnen handlar ein del av jobben om å eta.

I FORM: Sindre Rørstadbotnen er i sitt livs form. Trening, kvile og ikkje minst mat, er det alt handlar om.

– Det går i protein frå morgon til kveld. Eg prøver å få i meg 300 gram protein kvar dag, så det er ein kamp, seier han.

Vektløftaren har fått mange kilo å flytte på. Han har spist og trent seg opp ti kilo i matchvekt, noko som verkar å ha gitt resultat. Før helga sette 22-åringen personleg rekord med 187 kilo støyt. Til slutt heldt det til ein sjetteplass i U-23 EM.

– Eg har ikkje vore i så bra form på lenge, seier Rørstadbotnen. – Eller nokon gong, eigentleg, held han fram etter ein liten tenkepause.

Lite tilskot, mest mat

No er det seniorane han skal bryne seg mot. Det er eit halvt år igjen til EM i vektløfting i Førde.

– Det er det vi trenar for kvar dag og eit EM på heimebane gir ekstra motivasjon, seier Rørstadbotnen.

Kosthaldet spelar ei sentral rolle i alt han gjer. Allereie fem timar før trening må han ha i seg dei rette tinga for å prestere optimalt. Og ingenting hamnar i handlekorga på slump. Etter dagens første økt er det tid for ein tur på nærbutikken.

– Eg må lage noko bra i dag for å imponere litt. No har eg nettopp fått lønning, så no kan eg dra på litt ekstra, seier Rørstadbotnen.

Han tek litt proteintilskot, tran og litt vitamin, men for det meste går det i skikkeleg og variert mat.

– Mange trur nok at vi berre et for å få i oss noko, men eg prøver å ete sunt. Viss du berre trykkar på med mykje rart, så trur eg ikkje det er så heldig seier han.

Enno eit stykke att

Vektløftaren må få i seg 4300 kaloriar om dagen, nesten det dobbelte av ein vanleg mann. Ikkje overraskande er protein ein viktig del av kosthaldet. Mellom anna går det fort med 40 til 50 egg i veka

– Egg er ein sikker vinnar, der er det mykje næring, seier Rørstadbotn.

Trenaren gler seg over framgangen i det siste, noko som toppa seg på U23-EM før helga.

– Det er det desidert beste stemne han har hatt internasjonalt nokon gong. Både når det gjeld å halde hovudet kaldt og når det gjeld sjølve prestasjonen, seier Gunnar Reiakvam.

Han trur disippelen hans må over 200 kilo i støyt for å greie å kome til A-puljen om eit halvt år.

– Nivået under eit senior-EM er eit hakk opp. Det skal noko til å kome i ei A-pulje, men det er ikkje umogleg, seier han.