Hopp til innhold

No merkar også vi oljekrisa

Flora, Hyllestad og Førde har fått 114 fleire ledige det siste året. Mykje av auken kan sporast til oljekrisa, seier NAV-direktør Tore Thorsnes.

Oljerøyr på Gjøa

RÅKA: For første gong sidan oljekrisa slo inn over landet syner det også att i statistikken over arbeidsledige i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Auken i arbeidsløysa råkar spesielt menn i oljerelatert verksemd, men det er store skilnadar mellom kommunane, skriv Thorsnes i ei pressemelding.

Dei siste arbeidsløysetala vart publisert fredag, og syner at 1326 personar i Sogn og Fjordane er heilt utan arbeid. Det er ein auke tilsvarande 11 prosent frå same periode i fjor. Også på landsbasis er auken i arbeidsløysa på 11 prosent, men auken har vore størst på Vestlandet.

– Dette syner svært tydeleg at oljekrisa så langt er eit Vestlandsfenomen.

Tore Thorsnes, NAV

MERKAR OLJEKRISA: Spesielt menn over 50 år har siste tida fått merke at oljekrisa også råka Sogn og Fjordane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Menn hardast råka

Hyllestad (5,5 prosent), Bremanger (4,1 prosent) og Flora (4,0 prosent) har høgast arbeidsløyse. Lågast arbeidsløyse er det i Leikanger (1,0 prosent) og Hornindal (1,2 prosent. Dei siste tala syner også at det er dobbelt så mange ledige menn som kvinner i fylket.

– Samanlikna med februar i fjor har det blitt 124 fleire heilt ledige menn, mens det berre er blitt tre fleire ledige kvinner.

Samstundes som arbeidsløysa aukar skjer også det same med tilgangen på nye stillingar. I alt 862 ny stillingar er registrerte i februar, ein auke på 20 prosent. Spesielt i det offentlege kan det vere gode utsikter for arbeid i fylket.

– Mange av stillingane innan reiseliv og helse, pleie og omsorg er feriejobbar, men det er også mange ledige faste stillingar. I tillegg til dei utlyste stillingane, er det minst like mange stillingar som ikkje er lyst ut offentleg, seier Thorsnes.