Hopp til innhold

No losnar det for elbilar - har dobla salet

Elbilar har til no vore eit sjeldan syn i Sogn og Fjordane. Men det siste året er talet på reine elektrisk drivne bilar blitt dobla her i fylket.

Elbil - Nissan Leaf

DOBLA: Før var det eit sjeldan syn i Sogn og Fjordane, men no er det registrert 54 elbilar i Sogn og Fjordane og interessa er aukande.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sverre Benjamin Gallefoss med elbil

BETRE SAL: Seljar Sverre Benjamin Gallefoss opplever at interessa for elbilar aukar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Til no er det registrert 54 elbilar i Sogn og Fjordane. Seljar Sverre Benjamin Gallefoss i AutoForum Førde seier at det er no det tek av.

– Vi har hatt auka etterspurnad frå i sommar. Det er no vi verkeleg vil få mange elbilar på vegane i Sogn og Fjordane, seier han.

Betre rekkjevidd

Elbilen Nissan Leaf stod i august åleine for 64 prosent av elbilsalet i Norge. Sidan mai er det selt sju av denne bilmodellen i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje dei store tala samanlikna med konvensjonelle bilar, men Gallefoss er sikker på at det aukar kraftig framover. Fleire og fleire kvittar seg med fordommane sine.

– No har ein like god plass i denne bilen som i ein vanleg kombibil. Rekkjevidda er slik at den kan brukast som ein vanleg pendlebil.

Men framleis ei sinke

Men inntil vidare er Sogn og Fjordane ei sinke på elbil. I august vart det selt fire elbilar her i fylket, i Akershus vart det selt 214, i heile landet 990. I alt finst det no 54 elbilar i Sogn og Fjordane, berre Finnmark har færre, det er godt over 14.000 i heile Norge.

– Vi trur at salet av elbilar held fram med å auke og at slike bilar kjem til å selje svært godt også neste år, seier Gallefoss.

Sel stadig fleire hybridbilar

Tor Arne Ness

FIN UTVIKLING: Dagleg leiar Tor Arne Ness i Toyota Sogn fortel om jamt stigande sal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Også når det gjeld hybridbilar aukar interessa. Her snakkar vi om bilar som har ein kombinasjon av bensinmotor og batteridrift, og der batteria blir lada av køyringa. Dagleg leiar Tor Arne Ness i Toyota Sogn fortel om jamt stigande sal.

– Vi har ei fin utvikling og det har vi hatt dei siste åra. Meir enn ein tredel av nye Toyotaer som er selt i år, er hybridbilar. Hittil i år har vi selt fleire slike bilar enn i heile fjor.

Her finn du hurtigladestasjon for elbilar i Sogn og Fjordane:

  • Oppedal ferjekai
  • Desse er under planlegging:
    – Førde

    – Skei
    – Florø
    – Eid

    – Aurland. Her er det eit Teslapunkt, men det kjem hurtigladepunkt for andre bilar også.

    – Sandane (i regi av SFE)