Hopp til innhold

– Dette syner kor viktig ein tunnel er

Vegen over Vikafjellet har vore stengd sidan veslejulaftan, og det ser ikkje ut til at den vil opne med det første. – Dette syner kor viktig det er å få på plass ein tunnel, meiner ordførar i Vik.

Marta Finden Halset og Vikafjellet

UHALDBART: Ordførar i Vik meiner det er uhaldbart at kommunen ikkje har eit stabilt vegsamband. Langstenging av Vikafjellet grunna dårleg vêr syner kor viktig ein tunnel er, meiner Marta Finden Halset. Slik såg det ut på Vikafjellet torsdag kveld.

Foto: Vik kommune/Statens vegvesen

For med ein ny storm som slår inn over Vestlandet fredag, ser det ikkje lovande ut for opning av Vikafjellet før over helga. I beste fall kan det bli opna for kolonnekøyring, ifølgje Vegtrafikksentralen.

Dermed risikerer Vik kommune, som allereie har vore utan fjellovergangen sidan veslejulafta, å vere isolert på nattestid også gjennom helga.

– Det er klart at det ikkje er noko kjekt for ein heil kommune å vere innestengd på ein slik måte. Vi har kun ferjesambandet på dagtid, elles er vi totalt innestengde, seier ordførar Marta Finden Halset.

– Kan ikkje halde fram

Ho skryt over jobben brøytemannskapet gjer, men det er likevel ikkje nok.

– Dei gjer alt dei kan, men mot vêrgudane kjempar sjølv brøytemannskapet forgjeves. Når vêret er slik det er no er det til det beste at vegen er stengd.

Dette er langt frå første gong at Vikafjellet er stengt over ein lengre periode, men no har ordføraren fått nok.

– Vi er vande med det her i Vik at fjellet er mykje stengt i slike vêrperiodar som dette, men slik kan det ikkje halde fram.

– Det er i slike vêrperiodar vi ser kor viktig det er å få ein tunnel gjennom Vikafjellet, slik at vi har eit stabilt vegsamband og kan kome inn på aust-vest-sambandet. Den kampen vil vi kjempe heilt fram til tunnelen er på plass, seier ordføraren.

Forventar tunnelbygging

Framleis lever håpet om ein tunnel gjennom fjellet. I Nasjonal Transportplan ligg tunnelen i siste planperiode, men dersom den nye regjeringa held valløftet vil den bli løfta fram.

– Eg må seie at eg reknar med at den regjeringa som no har kome til makta vil halde valløftet sitt. Dei lovde at dei skulle få tunnelen fram til første periode i Nasjonal Transportplan. Eg har tillit til at dei vil gjere det, seier Finden Halset.

Dette trass i at statssekretær Bård Hoksrud (Frp) fort kort tid sidan vedgjekk at det blir krevjande å halda valløftet sitt om at Vikafjellstunnelen skal få byggjestart i 2015, slik han sa under valkampen.

Vik-ordføraren meiner uansett det no er på høg tid at ein tunnel gjennom Vikafjellet vert prioritert.

– At innbyggarane no snart skal få ta del av dei velferdsordningane som resten av samfunnet har, det vil seie eit stabil vegsamband, det er ikkje meir enn å kunne forvente.