Hopp til innhold

No blir det meir av dette i fjellet

Folk som skal ut å køyre i fjellet dei næraste dagane bør vere merksame på at vinteren no kjem snikande. Fleire stader har saltbilane vore i sving i natt.

Snøbyer over Vikafjellet i midten av september

MØTTE SNØEN: Måndag kveld var det snøbyer som møtte bilistane som skulle over riksveg 13 Vikafjellet. Meldingane om kaldare vêr mot helga betyr at det kan bli meir av dette i høgfjellet.

Foto: Helge Aske

På Sognefjellet er det allereie to veker sidan snøen kom, og sidan har det blitt fleire og fleire fjell som merkar at Kong Vinter er i anmarsj.

Onsdag morgon melder Statens vegvesen at det er lette snøbyer på Sognefjellet, medan dei har valt å stengje fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet på grunn av styggevêr.

På alle fjella i Sogn, som til dømes Hemsedalsfjellet og Årdal-Tyin, har entreprenøren i natt og i morgontimane vore ute med saltebil.

Og det kan bli meir jobb for brøytebilsjåførane framover. Til helga er det meldt om kaldt og fint vêr.

– Det kan kome sludd og kanskje snø

Etter fleire veker med regnvêr i store delar av fylket, er det no meldt om sol og kaldt vêr til helga. Sjølv om meldingane førebels tyder på at det blir tørt, vil det fort kunne kome snø i fjellet om det kjem nedbør, fortel meteorologen.

– Dersom det kjem nedbør om natta i indre strok og i høgfjellet, så kan det kome sludd og kanskje snø, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Kjersti Opstad Strand.

At vinteren nærmar seg merkar også dei som sit bak rattet i brøytebilane. I Sogn har det natt til onsdag og i morgontimane blitt salta på alle fjellovergangane og sjåførane her er budde på meir arbeid i dagane som kjem, fortel entreprenøren E. Opedal & Sønner til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Saltbil frå E. Opedal & Sønner

PÅ PLASS: Både natt til onsdag og i morgontimane har det blitt salta på alle fjella i Sogn. Entreprenøren E. Opedal & Sønner er budde på at vinteren no kjem snikande.

Foto: E. Opedal & Sønner

Lite problem til no

På Vegtrafikksentralen i Lærdal seier vakthavande Jan Erikstad, at det så langt onsdag har kome få meldingar om snø og glatte vegar på fjella. Det er med unntak av Sognefjellet. Tidleg onsdag morgon var det minus to grader her og snøbyer.

– Vi fekk ei melding tidleg i morgontimane om at det var glatt på riksveg 50 Hol-Aurland, men der skal det vere salta no, seier Erikstad til NRK.no.

Når det gjeld riksveg 13 over Vikafjellet har det kome fleire spørsmål om korleis føreforholda er her. Her har det kome snø dei siste dagane, men Erikstad fortel at det her er meldt om fine forhold på fjellet onsdag.

Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er stengd på grunn av uvêr. Ifølgje Erikstad er dette mykje for å unngå trøbbel på fjellovergangen.

– Det er ein del campingbilar som køyrer opp dit, og vi meiner det er greitt å stengje fjellet før det blir problem, seier Erikstad.