Hopp til innhold

Søndag blir det endelaust regvêr

Trudde du finvêret var komme for å bli? Søndag skal det regne jamt og trutt.

Her kjem regnet

REGN OG VIND: Det er berre å bu seg på fleire dagar med endelaust regnvêr og vind.

Foto: @meteorologene

Finvêret laurdag med vårsol og blå himmel varer ikkje lenge. Meteorologane varslar store nedbørsmengder på Vestlandet og i Trøndelag.

– Det kan bli 50–70 mm regn i ytre og midtre strøk, men det vil regne jamt og trutt heile døgnet, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Marit Funnemark.

Vind, regn og paraply i Stavanger

REGN OG VIND: Det gjeld å kle seg godt for å ta seg ut i vêret søndag.

Foto: Erik Waage/NRK

Endelaust regnvêr

Det er ikkje så mykje nedbør i vente at det blir sendt ut obs-varsel. Men det spesielle er at det vil regne utan stopp.

– Nedbøren startar som sludd og snø, men så mildnar utover dagen og så går det over til regn frå 400 – 600 meter. Så fjellet vil få litt snø søndag.

Allereie natt til søndag, ved midnatt, vil vêromslaget merkast. Så gir deg seg ikkje med det første.

– Det vil regne mest søndag og måndag. Men det blir også regn tysdag, seier meteorologen.

Vinden tar også godt tak

I tillegg til mykje nedbør, så blir det også vind som vil gjere det ekstra utriveleg.

Fargerik til fjells

FARGERIK: Fargerikt antrekk høgt til fjells når Anita Kongsvik er på tur.

Foto: Hilde Hegrenes

– Det blir sterk kuling på kysten frå sør- og sørvest. Så vil det blåse opp i full storm på Stad. Så det blir ganske guffent vêr, seier Funnemark.

Det står i sterk kontrast til den flotte laurdagen der sola varma og snøen smelta.

– Ja det er eit kontrastfylt vêr vi har å by på.