Hopp til innhold

No kjem 4G til Sogn og Fjordane

No får også Sogn og Fjordane 4G-dekning. I løpet mars skal det superraske nettet vere på plass i Førde. Så følgjer Dvergsdal i Jølster.

Bjørn Amundsen

4G UTBYGGING I GANG: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen er denne veka i fylket for å 4G-utbygging i fylket.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Denne veka er dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen i fylket. Med seg har han godt nytt til dei som ventar på det nye raske mobilnettet.

– I Førde så er vi endeleg i gang med å sluttføre utbygginga på 4G. Går alt som det skal, så er den første 4G stasjonen i Førde opp å gå i løpet av månaden.

I løpet av mai kjem den neste stasjonen. I alt kjem det fem stasjonar i løpet av året.

– Då vil i alle fall Førde sentrum ha ganske god dekning.

Lærdal først med 4G

Men Førde blei ikkje først i fylket til å ta i bruk det nye raske mobilsambandet.

– I samband teleproblema etter storbrannen i Lærdal, fekk kommunen den første 4G stasjonen i fylket.

Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. I Dvergsdalen på sørsida av Jølstravatnet har dei venta lenge på mobildekning. Innan utgangen av april får dei 4G seier Amundsen.

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen

FÅR DEKNING I LØPET AV ÅRET: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen lovar 4G-dekning fire stadar i fylket i løpet av året.

Foto: Kjell Are Guttorm / NRK

– Dei har venta så lenge at teknologien har tatt dei igjen, så når dei no får mobildekning, så hoppar vi over gsm, og startar med 3G og 4G.

Denne basestasjonen vil dekke Dvergsdalen og Myklebust i Jølster.

Mange problemområde

Sogn og Fjordane er eit kronglete fylket å bygge ut i. Når Amundsen vitjar fylket denne gongen skal han innom to av problemområda til Telenor i fylket. Tyssekvam i Fjaler er det eine.

Her trengst det blant anna master, straum og samband. Telenor har tidlegare laga eit utkast til kommunen som er lagt på is.

– Utan å forskotere noko, så håpar eg vi kan kome til ei løysing som gjer at Tyssekvam kan få 4G i løpet 2015.

Det andre problemområdet som står på besøksplanen til Amundsen er Guddal i Fjaler.

Her at Telenor og kommunen tidlegare sagt nei. Det som no har aktualisert ei utbygging er det nye naudnettet som har behov for å etablere seg der. Dei må uansett bygge både master og samband.

Amundsen håpar at fleire partar kan gjere det mogleg å få bygt ut 4G i Guddal.

– Eg torer ikkje love noko her heller, men det er i alle fall håp i det berømte hengande snøret.

Fosshaugane og Nordfjordeid

Det meste av utbygginga av 4G nettet i Sogn og Fjordane kjem til å skje 2015 og 2016.

– I tillegg til plassane vi har nevnt er det primært fotballstadion på Fosshaugane i Sogndal som får 4G i løpet av året. Eg har tidlegare lova at vi skal greie Nordfjordeid også, og det skal eg stå for.