Hopp til innhold

No kan Sogn og Fjordane tingrett bli slått saman

Ordføraren i Sogndal trur det er umogleg å unngå endringar. Domstoladministrasjonen har varsla at Sogn tingrett og Fjordane tingrett blir vurdert slått saman.

rettsal

TRUGA: Sogn tingrett i Sogndal står på nedleggingsliste.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Truleg er det Sogn tingrett i Sogndal, som er den minste av dei to tingrettane i fylket, som vil stå på Domstoladministrasjonen si kuttliste som kjem før nyttår.

Domstoladministrasjonen har lagt ut ei liste over kva samanslåingar av tingrettar og jordskifterettar dei vurderer kring om i Noreg. Her er Fjordane tingrett og Sogn tingrett ført opp, medan jordskifterettane i fylket ikkje er nemnde.

– Endringane kjem

Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll

SAMARBEIDSVILJUG: Jarle Aarvoll trur på samarbeid framfor konfrontasjon med Domstoladministrasjonen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll frå Ap, trur det vil vere uråd å bevare Sogn tingrett som i dag, men håpar å berge at rettssakene likevel kan gå i Sogn.

Advokat Louis Anda har tidlegare teke til orde for ei samanslåing av tingrettane.

– Eg vil vere tydelege på at sjølve utøvinga av tingretten bør vere i alle regionar i fylket. Då tenkjer eg på publikum og på det meirarbeidet politiet får ved ei sentralisering, seier Aarvoll.

– Større og meir slagkraftig

Arbeidet med å slå saman domstolar har vore varsla, men vart sett på vent på grunn av politireforma. No som den er vedteken vil Regjeringa få rapporten på bordet.

Kommunikasjonsdirektør Erling Moe i Domstoladministrasjonen seier dei som ein hovudregel ynskjer tingrettar med minst 8 til 10 dømmande årsverk.

Erling Moe

STØRRE FAGMILJØ: Kommunikasjonsdirektør Erling Moe i Domstoladministrasjonen.

Foto: NRK

– Årsaka til at vi set i gang prosessen no er at vi vil greie ut større og meir slagkraftige domstolar.

Domstoladministrasjonen ynskjer mellom anna å få på plass nye digitale løysingar, og meiner det let seg best gjere med større einingar.

– I tillegg ynskjer vi større faglege miljø, seier Moe.

Vil berge restane

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll trur ikkje Sogn får behalde ting slik dei er i dag.

Han vil prøve å spele på lag med Domstoladministrasjonen, og håpar ein då kan sikre at rettssalen i Sogn blir halden open med flest mogleg tilsette.

– Endring kjem, men eg trur vi må sjå på ulike løysingar, og ikkje berre flytte vekk alt. Det er sikkert toppleiing og anna som kan endrast, men den utøvande delen vil det vere viktig å ha representert i dei ulike regionane.

Fredar jordskifterettane i Sogn og Fjordane

Domstoladministrasjonen har bestemt seg for å frede jordskifterettane i fylket. Ingen av desse står på den offentlege lista over moglege samanslåingar.

– Vi jobbar med det som er kunngjort, og har ingen andre planar akkurat no, seier Erling Moe.

– Glad og letta

I Nordfjord har ein frykta for at jordskifteretten kunne forsvinne, det kunne også truga dagens løysing der Fjordane tingrett har eit bemanna rettslokale på Nordfjordeid.

Alfred Bjørlo

LETTA: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er nøgd med at Domstoladministrasjonen ikkje har tenkt å legge ned nokre av jordskifterettane i fylket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Venstreordførar i Eid Alfred Bjørlo er glad for at nedleggingstanken er lagt vekk.

– Dette er eg svært glad og letta for å sjå. Dette er ei sak vi har jobba saman om i Nordfjord, og Nordfjordrådet har arbeidd for å få fram kunnskap om kor godt dagens ordning med ein lokal jordskifterett fungerer, seier Bjørlo.