Hopp til innhold

No kan Olden - Innvik bli fullført

Senterpartiet vil i dag prøve å få med seg samferdsleutvalet på å garantere midlar til ferdigstilling av Olden – Innvik.

Steinras på fylkesveg 60 Olden - Innvik

VIL FULLFØRE VEGEN: Senterpartiet vil at fylket skal låne 300 millionar kroner slik at strekninga Olden - Innvik kan bli ferdig. Arkivfoto

Foto: Arne Vik

Tiltaket er kostnadsrekna til 380 millionar, og vil gje årlege kapitalutgifter på 17,9 millionar.

Leiar i Samferdsleutvalet og senterpartipolitikar Arnstein Menes seier at med handsaminga av Regional Transportplan rett rundt hjørnet, kan ikkje Senterpartiet sitje og sjå på eit investeringsbudsjett på samferdsle utan nokre store investeringsprosjekt dei neste fire åra.

– Vi må bli ferdige med vegstrekninga Olden – Innvik. Difor meiner Senterpartiet at fylket må låne pengar for å bli ferdige, seier han.

Vil låne 300 millionar

Arnstein Menes

VIL LÅNE PENGAR: Arstein Menes (Sp) håper å få resten av partia med seg slik at vegen Olden–Innvik kan bli ferdig rusta opp.

Går forslaget gjennom i samferdsleutvalet seinare i dag, er det snakk om å låne 300 millionar kroner.

– Dette vil gi oss årlege utgifter framover, men vi meiner det er så viktig å få vegen på plass. Eg trur dei andre partia også har tenkt på dette, men at det er vanskeleg å finne plass i regional transportplan.

Har for lite til investeringar

Fylkeskommunen har i dag høg lånegjeld, men Menes seier det er viktig og rett å ta opp meir lån for å fullføre vegen.

– Det er i alle fall ikkje fornuftig at denne strekninga skal stå slik i fire nye år. Vi har om lag 50 millionar til investeringar årleg dei neste fire åra. Det er for lite til å få gjort noko. Vi har ikkje anna val enn å låne pengar slik situasjonen er no.

– Kva trur du dei andre partia meiner om dette?

– Ut frå det alle partia har sagt tidlegare, reknar eg med at dei er positive. Eg reknar med at vi får støtte i dag, seier han.