Hopp til innhold

No kan også Florø kalle seg sykkelby

I dag vart det markert at Florø vart den andre staden i Sogn og Fjordane som kan kalle seg sykkelby.

Florø blir sykkelby

AVTALEN UNDERSKRIVEN: Frå v. avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen, ordførar Bengt Solheim-Olsen og fylkesdirektør Velaug Veum.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det skjedde ved at representantar frå Flora kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen skreiv under ein avtale. Men ordførar Bengt Solheim-Olsen måtte vedgå at han ikkje hadde sykla til jobben denne dagen.

– Eg har køyrt bil på jobb, og må gjere det heimatt også for å ta med ungane i bilen. Om det blir sykkel i morgon og vidare framover er avhengig av føre og møtekalender.

Ordføraren er likevel klar på at det er viktig å sette sykkelbruk på agendaen.

– Det er betre for miljøet og folkehelsa og fleire andre faktorar enn å køyre bil. Når dei nye sykkelvegane er klare blir det mykje tryggare å sykle.

Frå før har Førde fått status som sykkelby. Det skjedde i 2012.

Øyremerkte pengar

Sogn og Fjordane fylkeskommune vassar ikkje akkurat i pengar for tida, men fylkesdirektør for samferdsel, Velaug Veum, meiner det er viktig å prioritere sykkelvegar.

– I første omgang har vi dekt inn dei utgiftene vi har forplikta oss til for fire år framover, så det skal gå bra. Dette er pengar som har stått på fond og vore øyremerkte til sykkelbyavtalen. Og dette er viktig for fylkeskommunen.

– Viktig å hindre auka bilbruk

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen meiner det er viktig å syte for at syklistane har gode tilhøve, også på ein vinterdag som i dag.

– Skal vi få syklistane ut vinterstid kan vi ikkje tilby dei vegar som er glatte og med snøføre. Det viktigaste for oss er å syte for trygge vegar. Og det er viktig å hindre meir bilbruk i byane.

Florø blir sykkelby

SKAL GJERE DET TRYGT Å SYKLE: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Og ordføraren vedgår at Florø akkurat no ikkje har verdas beste tilbod til syklistane.

– Eine hovudvegen er stengd på grunn av etterlengta utbygging av gang- og sykkelveg. Men når den er ferdig meiner vi det er lagt til rette for ein meir aktiv bruk av sykkel som framkomstmiddel, seier Solheim-Olsen.

Han varslar kampanjar for sykling til jobb og til skule.

– Frå gamalt av er Florø ein sykkelby, så no skal vi syte for at det blir ei revitalisering. Og dersom eg prioriterer det er det ikkje mykje som skal stoppe meg frå å sykle.