Hopp til innhold

Museumsdirektøren vil sleppe nye kostar til – har sagt opp

Morten Johan Svendsen har sagt opp jobben som direktør i Sogn og Fjordane kunstmuseum. – Men de blir ikkje kvitt meg heilt endå, seier han.

Morten Johan Svendsen

SEIER OPP: Morten Johan Svendsen meiner tida er inne for ein ny museumsdirektør i fylket.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Ved nyttår fråtrer Morten Johan Svendsen direktørstolen han har hatt dei siste 12–13 åra.

– No tykkjer eg at det er på tide å sleppe til nye og friske kostar til å bruke dei flotte fasilitetane som eg har fått lov å vere med å byggje opp, seier han.

Viktig å skifte leiar

Direktørstillinga var tidlegare på åremål, der ein maks kunne vere frå åtte til 12 år.

– Eg meiner ein ikkje skal vere for lenge i ein slik jobb. Eg trur det er viktig å skifte leiarar og få inn nye impulsar, seier Svendsen som kan sjå tilbake på år med stor utvikling i kunstformidlinga i fylket.

– Det er eit heilt anna bilete av kunstformidling i Sogn og Fjordane i dag enn for ti år sidan.

Trekkjer fram byggjeprosjekt

På spørsmål om kva han meiner er det viktigaste han har fått til, ynskjer han å trekkje fram mykje.

– Men det er sjølvsagt desse byggjeprosjekta, både i Førde og Lærdal. Og så er eg glad for at det ikkje vart noko av byggjeprosjektet på Astruptunet. Då har vi også fått medverke til behalde Astruptunet i sin autentiske form, seier Svendsen.

Førebels har ikkje Svendsen nye oppgåver å gå til, men seier han ein periode etter nyttår vil overlappe med ein eventuell etterfølgjar.

Har fått mykje kritikk

Museumsdirektøren har også måtte tole mykje kritikk for måten Kunstmuseet satsar på einskilde museum. Fleire meiner at det er Sogn og Fjordane Kunstmuseum si skuld at museum forfell og at publikum sviktar.

Til dømes Anders Svor-museet i Hornindal og nemnde Astruptunet i Jølster.

– Det er nok ein del av den kritikken som eg ikkje har teke innover meg, og som ikkje er fundert på ein tilfredsstillande måte. Eg har ikkje tatt det innover meg i særskilt grad, seier han.