Hopp til innhold

No kan øysamfunna bli knytt saman med fastlandet

– Vi har fått verktøya vi treng, jublar Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) og ordførarkollega Ole Gunnar Krakhellen (H) i Solund.

Ordførarane i Solund og Askvoll med Njåstad, Skjelstad, Toskedal, Jenssen og Lødemel

GLADE: Det var ei glad forsamling tysdag etter at innstillinga til kommuneproposisjonen var overrekt. Frå venstre: Helge André Njåstad (Frp), Andre N. Skjelstad (V), Frida Melvær (H), Ole Gunnar Krakhellen (H), Geir Toskedal (KrF), Frank Jenssen (H) og Bjørn Lødemel (H).

Foto: Tobias Brännström

Dei to ordførarane var sjølve til stades, då kommunal- og forvaltningskomiteen i går leverte si innstilling til kommuneproposisjonen for 2016.

I denne ligg ordninga med ferjeavløysingsmidlar over 40 år også for fylkesvegar . Ei ordning som kan gje langt fleire øysamfunn fastlandssamband. I praksis betyr ordninga at ein kan finansiere prosjekt på opptil 600 millionar kroner.

– No er det lagt eit verktøy til oss som gjer at vi har det vi treng for å realisere sambandet til Atløy, seier Frida Melvær (H).

Bru over Ytre Steinsund

I Solund gler ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) seg over å sjå bru over Ytre Steinsund vere eitt steg nærare realisering etter at proposisjonen vart overrekt tysdag.

– Dette vil knytte kommunen betre saman, og vil vere til nytte for heile kommunen. For å få dette til så vart det tidleg tydeleg at vi måtte få verktøya på plass. Dette har eg, seier Krakhellen.

På sikt kan dette også vere godt nytt for Kystvegen.

– Regjeringspartia og samarbeidspartia har i fellesskap gjort ei god ferjeavløysingsordning frå regjeringa endå betre. Mellom anna med at ordninga skal vere 40 år, den skal prisjusterast og fylkeskommunen kan sjå fleire ferjesamband i samanheng for å utnytte ordninga best mogleg, seier Bjørn Lødemel (H), medlem av kommunalkomiteen.

Viktig samferdslesak

Både Askvoll og Solund kommunar, samt fylkeskommunen, har etterlyst ei prisjustert ordning over 40 år.

I Askvoll er politikarane allereie i gang med å planlegge fastlandssambandet til Atløy.

– Vi er i gang med kommunedelplan for fastlandssamband til Atløy. Dette har vore blant kommunen sine viktigaste samferdslesaker over lang tid. No har vi ei ordning som gjer at sambandet kan realiserast, seier Melvær.

Pengane er på plass

Sidan vegprosjektet er del av fylkesvegen, må fylkeskommunen etter kvart ta over arbeidet.

No håpar Melvær på ein like offensiv fylkeskommune, som kommunen har vore.

– Prosjektet er på 700 – 800 millionar kroner. Med den ordninga som no er på plass, så har vi finansiering på plass for å realisere sambandet. Eg vil tru at dette vil kunne løyse seg med ei like offensiv haldning frå fylkeskommunen, seier ho.