Hopp til innhold

Køyrde inn til verdsmeistertittel på Geilo

Laurdag vart ein dag med svært blanda kjensler for Sarah Fiskaa Haugen. Først køyrde 18-åringen ut i verdscuprennet i Telemark – så slo ho kraftig tilbake med å bli verdsmeister for juniorar.

Sjå Sarah Fiskaa Haugen sitt gulløp i junior-VM i telemark på Geilo.

SJÅ VIDEO: Sarah Fiskaa Haugen susar inn til gull i junior-VM på Geilo. (FOTO/REDIGERING: Mono Media)

Sarah Fiskaa Haugen vart nummer fem i junior-VM i fjor. I dag tok ho steget heilt til topps på pallen under parallellsprinten på Geilo.

Øyvind Vagstad (Syril) klarte akkurat ikkje å kvalifisere seg for semifinalen i junior-VM.

– Dette hadde eg ikkje venta i det heile tatt då eg stod opp i dag tidleg. No har eg det heilt supert, jublar Fiskaa Haugen.

Åtte timar i bakken

Den nybakte verdsmeisteren er tydeleg sliten etter ein heil dag i bakken. Det som starta med synfaring av løypene i 0930-tida laurdag, enda med verdsmeistertittel og VM-gull då det heile var over åtte timar seinare.

Sarah Fiskaa Haugen

VERDSMEISTER: Sarah Fiskaa Haugen er verdas beste junior i Telemark.

Foto: Jan Sølve Haugen

Finalen vart heilnorsk, med Ida Gressaker på andreplass. Bronsen gjekk til franske Maelle Froissart.

– Etter det første rennet i finalen, så leia eg med tre sekund. Då skjønte eg at det kunne gå. Sjølv om eg var sliten, løypa temmeleg oppkøyrt og eg hadde litt nervar, smiler 18-åringen.

– Ein milepåle

– No vil eg berre slappe av og nyte dette. Sjølv om det er mykje venting inn mellom køyringa, så blir ein rimeleg sliten i hovudet. Ein må «psyke» seg opp att til kvart renn, seier ho.

Egil Johannes Vangsnes har dei siste tre-fire åra vore med som trenar for den talentfulle 18-åringen frå Gaupne. Først då gullmedaljen vart plassert rundt halsen til Fiskaa Haugen gjekk det opp for han kva han hadde vore vitne til på Geilo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sarah Fiskaa Haugen vart juniorverdsmeister

DOBBELT: Sarah Fiskaa Haugen vart verdsmeister, med Ida Gressaker (t.v.) på andreplass. Tredjeplassen gjekk til Maelle Froissart frå Frankrike.

Foto: Jan Sølve Haugen

– Det var skikkeleg spennande og naglbitande, men no er stemninga på topp. Dette er ein milepåle. Heilt fantastisk, jublar han.

Hadde dagen

Fiskaa Haugen kom seg ikkje vidare frå kvartfinalen i verdscupen, men var blant dei fire beste juniorane som fekk høve til å kjempe om VM-tittelen. I semifinalen vann ho begge løpa, før ho møtte landsmannen Gresaker i finalen.

Men 18-åringen gjorde det spennande for Vangsnes, som trenar henne saman med pappa Jan Sølve Haugen.

– Ho gjorde det godt i prologen. Var på kanten med fotplasseringa nokre gonger, men heldt det gåande og kom seg gjennom både semifinale og finale, seier Vangsnes.

– Heldt pusten

Nervane stod i høgspenn hos mange sogningar som hadde teke turen til Geilo for å følgje dei to lokale håpa.

– Nokre av portane var gjengangarar, så vi heldt pusten nokre gonger. Men ho klarte seg og stod heilt inn i finalen, seier Vangsnes.

– Er du overraska over at ho klarte det?

– Slike resultat kan ein ikkje vente, men etter den overbevisande prologen så visste vi at ho hadde dagen. Då visste vi også at medalje var innan rekkevidd i år.

Trur på meir edelt metall

Denne helga får Fiskaa Haugen nye sjansar på meir edelt metall. Først på sprint søndag og klassisk måndag.

Deretter tek ho saman med Vagstad turen til Rjukan og verdscupavslutninga i Telemark.

– Eg har ikkje tenkt så veldig mykje på medaljesjansane dei neste dagane. No vil eg berre slappe litt av og nyte det, gliser ho.

Trenar Vangsnes trur på fleire pallplasseringar.

– Eg vil ikkje forskottere noko. Mykje kan skje, det er mange gode deltakarar og marginar det står på. Men medaljesjansane er absolutt til stades, seier han.

Nøgd sportssjef

Det vart ein god start på meisterskapen, med norsk siger også i herreklassa. Trym Nygaard Løken vann, med Ådne Kristenstuen på tredjeplass. Nicolas Michel (Sveits) tok sølvet.

– Ein fantastisk start på junior-VM. Eg har nesten ikkje ord. Juniorane har prestert over evne, oppsummerer sportssjef Jo Mork første da.