– Det verkar som eg er tilbake der eg var for eit par år sidan – og vel så det. Det er utruleg herleg. Eg er så letta. Det er heilt fantastisk, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.
Søndag var han tilbake med brask og bram i eit stemne på Lambertseter i Oslo. Kjerpeset vann både 150-meter (15,99 sekund) og 300-meter (33,83 sekund) i skarp konkurranse.
Sprintaren parkerte både årets innandørsmeister på 60-meter og fjorårets NM-vinnar på 200-meter. Det smakte godt.
– Eg har gledd meg så fantastisk mykje til å konkurrere, og har lagt ned eit enormt treningsgrunnlag for å komme tilbake der eg var. No fekk eg sjå at det har fungert, seier Kjerpeset.
- Les også:
Har aldri trent i nærleiken så mykje...
Øyvind Strømmen Kjerpeset er Norges suverent beste hekkeløpar, og siktar mot internasjonale meisterskap som VM og OL på 400-meter hekk. Men etter ein treningsleir i USA i mai i fjor, har han slite med ein betennelse under den eine foten.
Etter NM på Jessheim i august bestemte Kjerpeset seg for å kutte resten av sesongen for å bli kvitt skaden. Så gjekk også innandørssesongen i vasken.
– Det har vore ein lang og tung vinter – med ekstremt mykje trening. Eg har aldri lagt ned i nærleiken så mykje treningsarbeid som i år, seier han.
– No byrjar vi å sleppe litt opp på treningsmengdene, og då trur eg dette skal bli veldig bra. Eg ser lyst på sesongen, legg han til.
- Les også:
- Les også:
Skal under OL-kravet – og kan komme til VM
Skaden i foten hemma ei stund florøværingen så mykje, at han hadde problem med å komme seg frå si eiga stove og inn på kjøkkenet. No meiner han at foten er heilt fin.
– Eg kjenner ikkje noko til skaden, anna enn at eg er litt sår om morgonen – men det er heilt normalt. Eg har ikkje kjent noko på trening på veldig lenge. Dei siste månadane har eg fått trent optimalt, seier Kjerpeset.
- Les også:
Den kommande månaden legg han opp til ein god del konkurransar. På programmet står mellom anna elitestemnet på Hamar, Florø friidrettsfestival og Bislett Games.
– Eg har som mål å senke den norske rekorden min til under OL-kravet for neste år. Det trur eg skal vere mogleg, og då er eg også VM-aktuell i haust. Då kan eg til og med gjere det ganske greitt i VM. Men det er sjølvsagt mykje som skal klaffe, seier Kjerpeset.