Hopp til innhold

No er han svolten på ein retur til eliteserien

Oddbjørn Skartun er i søkjelyset til fleire klubbar på toppnivå.

Oddbjørn Skartun i aksjon under Lillestrøm-Bryne i fjerde runde i Fotball-NM for menn

HISSIG PÅ GRAUTEN: Oddbjørn Skartun teikna seg jamleg på scoringslista for Bryne denne sesongen. Her er spissen i aksjon under kampen mellom Lillestrøm og Bryne i fjerde runde i cupen.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Etter det eg har prestert i det siste, meiner eg det er realistisk å ha som mål å spele i eliteserien, seier Oddbjørn Skartun.

Sogningen banka denne sesongen inn 16 fulltreffarar for Bryne i førstedivisjon.

Det har medført auka interesse frå andre klubbar. Mellom anna skal Sandnes Ulf og Start vere ute etter signaturen hans, og den siste tida har han vore på prøvespel med Haugesund.

Har vore interesse frå klubbar på toppnivå

Sjølv vil ikkje den tidlegare Sogndal-spelaren korkje stadfeste eller avkrefte kva klubbar han har vore i kontakt med. Men han vedgår at det er interesse i marknaden.

Kontrakten hans med Bryne gjekk ut etter sesongen.

– No undersøkjer eg moglegheitene, og det har vore litt interesse. Det viser vel at eg må ha gjort noko rett, humrar Skartun.

– Men det er klart eg helst vil spele i eliteserien. Det er ambisjonen min, seier han.

Walter Laaksonen, Oddbjørn Skartun, Ulrik Flo, Dag Martin Fardal og Karl Oskar Emberland

DEBUTERTE I SOGNDAL: Oddbjørn Skartun (midten bak) på benken saman med Walter Laaksonen og Ulrik Flo for Sogndal. Framme sit Dag Martin Fardal og trenar Karl Oskar Emberland.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Er lysten på å spele på høgare nivå igjen

Skartun debuterte for moderklubben Sogndal som 17-åring i 2006. Tre år seinare gjekk han til Vard Haugesund, før han spelte ein sesong for Haugesund i eliteserien. Etter tre år i Bryne er han no lysten på å prøve seg på høgare nivå.

– Det viktigaste er å få speletid. Samstundes er det freistande å kjenne på nivået i eliteserien igjen. Det er meir spel og mindre kriging der, seier Skartun.

– Er ein retur til Sogndal aktuelt?

– Eg kunne tenkt meg å spele i eliteserien. Det står ved lag, seier 26-åringen.

NRK veit at Sogndal følgjer Skartun tett. Men det skal ikkje vere aktuelt med ein overgang til gamleklubben slik situasjonen er no.