Hopp til innhold

No er han klar for Sogndal

Eirik Birkelund har signert kontrakt med Sogndal.

 Bærum-Brann

KLAR: Eirik Birkelund er siste tilskot på stammen i Sogndal.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Den tidlegare Brann-spelaren kom seg måndag gjennom den medisinske testen i Sogndal, og underteikna kontrakt med sin nye klubb.

– Å få spele under Eirik Bakke er ein fin moglegheit for utvikling, eg likar måten han tenkjer fotball på, seier Birkelund til sogndalfotball.no.

21-åringen er samd med Sogndal om ein kontrakt som strekkjer seg ut 2018-sesongen. Bergensaren debuterte i 2011 for Brann mot Sogndal. Midtbanespelaren har også vore ein tur innom St. Etienne i Frankrike, før han var med på opprykket til eliteserien med Brann sist sesong.

Han fekk ikkje forlenga kontrakt på Brann stadion.

– Eirik er ein spennande spelar som vil passe flott inn i gruppa vår, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubben sin nettstad.

Birkelund var nyleg på prøvespel i Viking, men valde altså Sogndal som sin nye arbeidsgjevar. Tidlegare i vinter har klubben henta inn Ole Amund Sveen frå Hødd og Martin Ramsland frå Strømmen.