Hopp til innhold

No er Førde også klare for Meisterligaen

BERGEN (NRK): Førde er kvalifiserte både for cupvinnarcupen og meisterligaen. No må styret bestemme om og kvar dei stiller ...

Lars Fredrik Tvinde mot Nyborg

I EUROPA: Lars Fredrik Tvinde og Førde er kvalifiserte både for meisterligaen og Challenge Cup etter å ha blitt både seriemeister og cupmeister i år.

Foto: Frode Andersen

Som cupvinnar var Førde allereie kvalifiserte for Challenge Cup, før dei laurdag slo Nyborg i sluttspelfinalen i Bergen.

Med seriemeisterskapen i boks, må det nye styret avgjere om det heller blir meisterliga. Alternativt om dei heller skal nøye seg med eit nytt nordisk trofé.

– Det er mange brikker som må på plass, før det eventuelt blir Champions League. Mellom anna økonomi og ikkje minst avklaring på nokre spørsmål om arena, seier dagleg leiar Tor Kristian Kvammen.

Fleire spørsmål

Førdehuset er etter alt å dømme umogleg å nytte som arena i meisterligaen. Sotra Arena er truleg den næraste hallen som stettar dei internasjonale krava om takhøgd på 12 meter og kapasitet på 2 000 tilskodarar. Det kan vere eit alternativ.

Økonomi er eit anna spørsmål. Med lange og kostbare reiser er ikkje meisterligaen tilpassa ein dugnadsbasert klubb frå Førde. Førde har sett som mål å nå kvartfinalen i europacupen innan 2021. Neste sesong kjem truleg for tidleg.

– Her er mykje uvisst som vi må få sjekka ut med forbundet før ein seier ja eller nei til det eine eller det andre, seier Kvammen.

Trur på Førde

Det europeiske volleyballforbundet har endra reglane for meisterligaen. Av 76 deltakande lag, er dei 12 beste direkte kvalifiserte til gruppespelet i fjerde runde. Ytterlegare åtte lag må kjempe seg fram gjennom dei tre første rundane. Lag som blir slått ut i rundespelet, får prøve seg i Challenge Cup.

Nyborg-libero Yngve Sundfjord har tru på at Førde har sjansar i meisterligaen.

Vidar Vie og Jan Egil Tvinde

STORE STEG, MEN: Jan Egil Tvinde (t.h.) meiner Førde har ein god veg å gå før dei held nivået i meisterligaen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det kjem sjølvsagt an på trekninga. Er ein uheldig, så er det nesten umogleg. Men med endringa i formatet, så er det mogleg å møte overkommelege lag. Med litt forsterkingar i spelarstallen, så har Førde moglegheit, seier han.

Har tatt store steg

Førde-trenar Jan Egil Tvinde meiner det vil krevje ein del før laget held meisterliganivå.

Men med utviklinga sidan 6.-plassen i fjor, meiner han at cup- og seriemeisteren har eit godt utgangspunkt til å i alle fall å nærme seg nivået.

– Klarer vi å komme tidleg i gang med å byggje vidare på det vi har fått til denne sesongen, og får eitt par forsterkingar, så har vi eitt bra lag. Men det krev ein del å komme på det nivået, seier han.