Hopp til innhold

For fire år sidan kjende Kristian (24) seg som ein 90-åring - no blir han eliteseriespelar

Kristian Fardal Opseth går i sin far sine fotspor. Etter eit tre år langt sjukdomsmareritt er 24-åringen mot alle odds klar for spel i Sogndal-trøya.

Kristian Fardal Opseth har i dag signert toårskontrakt med Sogndal Fotball.
24-åringen er son av Sogndal-legenden Lasse Opseth, og tek no sikte på å overgå farens prestasjonar i eliteserien.

HAR SIGNERT: Sogndal Fotball kom heim frå La Manga torsdag før helga og reiste rett til 2. divisjonsklubben Førde for å sikre seg tenestene til Kristian Fardal Opseth.

På 80- og 90-talet scora Lasse Opseth 256 mål på 432 kampar for Sogndal, og fekk i 1982 sin einaste landskamp då Norge slo Danmark 2–1 på Ullevaal stadion.

No er det duka for ein ny Opseth i Sogndal-stallen.

– Eg tenkjer å slå han på alle område. Han debuterte for Sogndal som 24-åring i 1. divisjon. Får eg speletid i år, så slår eg han der. Men han har sett lista høgt på tal kampar og mål, seier Kristian Fardal Opseth (24).

Sjuk i tre år

Fardal Opseth vart rekna som eit stort talent, men fekk som 18-åring konstatert den sjeldne sjukdomen psoriasisartritt. Gjennom tre år hadde han meir enn nok med seg sjølv og leddgikta. Før han 21 år gamal kom i gang att med fotballen for Kaupanger.

Då hadde legane funne medisinen som ikkje lenger gjorde at han kjende seg som ein 90-åring.

– Eg klarte ikkje å gå, hadde joggesko som var klipt opp i hælane grunna hovne akillesar. På det verste hadde eg betennelse over ti ledd, og det å komme seg ut av senga kravde sitt, fortel Fardal Opseth.

– Stor skilnad

Medisinane hadde umiddelbar effekt, og sjukdomen blir framleis halden i sjakk av to medisinar. 24-åringen seier han ikkje kjenner nokon symptom til leddgikta.

Kristian Fardal Opseth

TAKKSAM: Kristian Fardal Opseth fekk ei god oppleving i Førde. – Eg hadde ei ufatteleg god oppleving og utan utviklinga eg har vore gjennom der, hadde eg ikkje stått her i dag, seier han etter pressekonferansen i Sogndal.

Foto: Christian Blom

– Det er ganske stor skilnad, legg han til der han står iført Sogndal-trøya etter å ha blitt presentert som siste tilskot i stallen til eliteserieklubben. Kontrakten gjer han til Sogndal-spelar ut 2015-sesongen.

– I høve til å vere så dårleg som eg var, så er jo det heilt fantastisk. Det er draumen, held Fardal Opseth fram.

– Er det fare for at sjukdomen blussar opp att?

– Det håpar eg verkeleg ikkje. Det er ingen garantiar, men ingenting som tyder på at den skal gjere det.

Bøtta inn mål

Saman med trenarane Marius Bøe og Eirik Nedrehagen i Kaupanger, byrja Fardal Opseth så smått å spele fotball att for tre år sidan.

– Marius hadde skikkeleg tru på meg, sette meg på laget og lét meg spele. Eirik hjelpte meg med den fysiske biten. Eg tykte eg leverte ganske bra, og så ringde Knut Erik Folland og Førde og meinte eg burde ta steget opp, fortel 24-åringen om vegen tilbake på fotballbana.

På lån i Førde takka han for tilliten ved å score nær 50 mål i 3. og 2. divisjon. Noko som igjen fekk varsellampene til å blinke på Fosshaugane.

Sikra triumf

Han har hatt fleire treningar med Sogndal i vinter, og då han fekk sjansen til å bli med på treningsleir til La Manga og turneringsspel mot tre eliteserielag, takka han ikkje nei til det.

Fardal Opseth kom inn som innbytar i finalen mot Brann og med pannebrasken sikra han Sogndal sitt første trofé sidan 1993. Allereie fredag før helga starta klubbane forhandlingane om spelaren.

Håvard Flo

SPORTSLEG LEIAR: Håvard Flo meiner Kristian Fardal Opseth passar godt inn i systemet som Sogndal testar ut.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sportsleg leiar Håvard Flo trur på både speletid og nettkjenningar frå 24-åringen.

– Han har nokre innebygde kvalitetar som vitnar veldig mykje om toppfotball og som appellerer til oss. Spesielt i høve til å komme til målsjansar, han er ein veldig god avsluttar innanfor boksen og har vist sider som vi ser må jobbast med, men som han har ein indre «drive» til relativt fort komme seg dit, sa Flo til NRK.no i helga.

Passar godt i ny formasjon

Sogndal har i år testa ut ein ny formasjon, som Flo meiner passer 23-åringen godt.

– Eg er vel ein type som kan vare anonym store delar av kampen, men som dukkar opp på rett stad til rett tid inne i boksen, seier Fardal Opseth.

– Løpskrafta skal eg få gjort noko med, men eg har ein venstrefot. Det har ikkje dei andre, avsluttar han med eit glis og siktar til spisskonkurrentane Mahatma Otoo, Ulrik Flo og Malick Mane.