Hopp til innhold

No er det klart: Jenny Følling blir ny fylkesordførar

Senterpartiet har gjort eit brakval i år, og etter forhandlingar i natt er det klart at den nye fylkesordføraren i Sogn og Fjordane heiter Jenny Følling.

Jenny Følling med blomster etter valet

DEN NYE FYLKESORDFØRAREN: Jenny Følling (Sp).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Eg er veldig godt nøgd med valet både for fylket og for kommunane. Det er eit svært godt val for Senterpartiet. Vi har vore eit lag som har kjempa godt i valkampen, og då er det kjekt å sjå slike valresultat, seier Jenny Følling.

Fram 7,5 prosentpoeng

Senterpartiet fekk 33,3 prosent av røystene til fylkestinget, og hadde med det ein framgang på 7,5 prosentpoeng. Arbeidarpartiet fekk 27,5 prosent av røystene. Og når det synte seg at Senterpartiet 3500 fleire røyster enn Ap var det klart for forhandlingar Ap, SV og KrF.

– Det som no er forhandla fram no er at Senterpartiet får fylkesordføraren, og Arbeidarpartiet får fylkesvaraordføraren.

– Så du og Åshild Kjelsnes skal no byte jobb?

– Ja, det blir slik no.

– Når skjønte du at dette gjekk din og Senterpartiet sin veg?

– Når stemmene frå Flora var talt opp og Senterpartiet framleis hadde ein ei leiing på 1500 røyster, då skjønte eg at dette gjekk vegen.

Skal forhandle om fylkesutval

På grunn av at stemmene frå Sogndal ikkje var klare tidsnok i natt, blir det nye forhandlingar om samansetninga av blant anna fylkesutvalet. Etter planen startar desse forhandlingane når klokka blir ni.

– Når det gjeld fylkesutvalet så har det vore gjennomført drøftingar, men tala var ikkje klare før etter at møtet var ferdig. Og så blir det drøftingar om hovudutval og andre posisjonar som det blir naturleg å snakke om no, seier Følling.