Hopp til innhold

No er det for kaldt til å salte

Kulda har festa grep om Sogn og Fjordane. Det gir nye utfordringar langs vegane, åtvarar Vegtrafikksentralen.

Rimfrosen asfalt

RIMFROST: Etter nokre dagar med tørr, kald luft, har det fleire stader lagt seg frost på vegbanen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– No er det for kaldt til å salte vegane. Saltet blir berre liggande oppå, opplyser vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Må erstatte salt med grus og sand

Temperaturmålar på bil

SKJERINGSPUNKTET: Når temperaturen kryp nedover misser vegsaltet sin funksjon og blir liggande oppå frosten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Torsdag morgon hadde mange stader i fylket temperaturar ned mot 10 minusgrader, også i låglandet. Men i det kvikksølvet på gradestokken kryp under 8 grader, kan ein også vinke farvel til vegsaltet som er best eigna til og med 3–4 minusgrader. Når rimfrosten legg seg, er det berre ein ting ein kan gjere for å unngå glatte vegar: Strøsand.

– Vi har entreprenørar ute som strør, men det fyk fort vekk. Det skal ikkje meir enn ti trailerar til, så har det blåse vekk, forklarer Molvær.

Han ber derfor vegfarande om å vere på vakt. Glatte parti kan komme overraskande på.

Svært glatt på E39

Rimfrost på bilrute

KALDT: Kuldebølga så langt i januar viser att på islagde bilruter.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

NRK har torsdag føremiddag fått fleire telefonar om svært glatt vegbane på E39 langs heile Jølstravatnet. Fleire bilar skal ha mista grepet.

Men verken politiet sin operasjonssentral eller Vegtrafikksentralen har blitt kontakta om spesielle problem.

– Vi har fått melding om det skal vere spesielt glatt på eit lite parti ved Eikås i Jølster (E39 sør for Vassenden). Her er kontraktør varsla og skal strø.

Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen seier det er har blitt gjort målingar langs E39 i dag utan at det er funne «glatte» parti.

Han understrekar at sjølv om riksvegen skal vere mest mogleg bar i vinterhalvåret så vil det oppstå vêrhendingar og situasjonar der det fortsatt kan bli snø og is på vegane, så trafikantane må fortsatt avpasse farten etter forholda.

– Pass på issvullar

Vegtrafikksentralen ber folk særleg vere obs på issvullar som dannar seg i dei mange tunnelopningane. Desse kan komme brått på og få bilen ut av kurs.

Og mens vegane i låglandet kan vere lumske, er forholda meir stabile på høgfjellsovergangane som alle er opne for fri ferdsle.

– I høgda er det ikkje problem. Der er det godt vinterføre, seier Ketil Molvær.