Dei lagar avanserte presentasjonsløysingar for IT-marknaden og leverer til heile verda.
Torsdag vart Torstein Hønsi med Highsoft Solutions tildelt «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.
Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane delte NRK Sogn og Fjordane ut prisen. Prisvinnarane fekk i tillegg 100.000 kroner.
Kandidatane til konkurransen har blitt plukka ut av ein jury og stemt fram av folket i fylket og til slutt var det fem finalistar att. Til saman har det kome inn 10.500 stemmer frå folket
I juryen sat juryformann og administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og Halvor Flatland som er sjef for innovasjon Norge.
- LES OGSÅ:
Dei fem finalistane til året gründerpris var følgjande:
- Lege.no – Mjømna
- Droneservice – Stryn
- Proresult – Førde
- Melin Medical AS–Sandane
- Highsoft Solutions- Vik i Sogn
(Artikkelen held fram under biletet)
–Veldig glad og stolt
– Eg føler meg veldig glad og stolt over å få denne anerkjenninga, sa den glade gründeren Torstein Hønsi etter å ha blitt tildelt prisen.
– Det er ein stor inspirasjon for oss til å jobbe vidare med dette, sa Hønsi som kunne fortelje at dei har konkrete planar for midlane.
Dagleg leiar Grethe Hjetland heldt ein liten takketale i ekte Hollywoodstil.
– Det er aldri keisamt på jobb, kunne ho fortelje.
Om vinnaren
– Vi utviklar eit grafisk verkty som skal gjere det lett å visualisere data direkte i internett, seier dagleg leiar i Highsoft Solutions, Grethe Hjetland.
Og det er ikkje småbedrifter som står på kundelista til vinnaren.
– Over 50 av dei 100 største selskapa i verda står på kundelista vår, seier styreleiar og hovudaksjonær, Torstein Hønsi.
– Ideen er Torstein sin i utgangspunktet og det er jo eit eventyr utan like og utruleg kjekt å kunne sjå på kundelista og sjå at vi nesten har 23 000 kundar, fortel Hjetland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: