Hopp til innhold

NM-gull til Kjerpeset på 200 meter

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til gull på 200 meter i finalen under junior-NM på Overhalla søndag.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

I FORM: Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Kjerpeset, som er frå Florø, vart klokka inn til 21,42, og var suveren framfor Carl Emil Kåshagen (Moelven IL) som tok sølvet med 22,03.

Tidlegare på dagen var veslesyster Kristi Strømmen Kjerpeset også i aksjon. Ho tok sølv i finalen på 100 meter hekk med tida 14,54.

Mange medaljar til fylket

Laurdag tok Hans Sande og Evald Osned Devik frå Gloppen sølv og bronse i sleggje. Marius Vedvik frå Førde sprang inn til sølv på 1500 meter.

Fredag tok Øyvind Strømmen Kjerpeset gull på 100 meter, og sette nok ein gang ny krinsrekord med tida 10,73.

Marte Rygg Årdal frå Glpppen tok sølv i sleggje med eit kast på 58,23, Vanessa Sunde Hoel tok sølv i kule, medan Marius Vedvik tok bronse på 500 meter.