Hopp til innhold

Nicolai (9) sovna under denne nattehimmelen

Himmelen over delar av Sogn og Fjordane vart seint onsdag kveld farga grøn av nordlys. På eit jorde i Gloppen sat ein ni år gamal gut heilt fortrylla.

Nordlys over Reed i Gloppen september 2015

LYSTE OPP HIMMELEN: Nicolai Sandnes (9) fekk sitje saman med pappa Runar Sandnes og sjå på det flotte nordlyset over Gloppen onsdag kveld.

Foto: Runar Sandnes

– Han syntest det var stas, fortel pappa Runar Sandnes.

Han er sjølv svært begeistra for nordlyset, og har fleire gonger fotografert det magiske lysshowet på himmelen. Då han var på veg heim frå arbeid onsdag kveld såg han at eit nytt show var i emning.

– Eg såg at det var litt meir aktivitet enn vanleg på himmelen. Då eg var heime for å pakke sakene mine kom sonen min og prikka meg på skulda, fortel Sandnes.
Då tenkte eg at skule fekk vere skule, humrar han.

For som hobbyastronom og fotograf vil han gjerne dele vidare fascinasjonen for nordlyset. Dei to køyrde til eit jorde på Reed, der Sandnes har erfart at han får god utsikt over nattehimmelen. Her rigga dei seg til i kvar sin fluktstol.

– Sonen min har sett litt nordlys før, men ikkje av den typen her. Nordlyset som var i går var litt kraftigare, det pulserer og er meir rørsle i, fortel Sandnes.

Han vedgår humrande at sonen på ni aller helst skulle ha vore i seng for lengst, og sjølv med nordlyset dansande over himmelen seig auga att.

– Han sovna litt innimellom, men eg vekte han då nordlyset var på sit sterkaste, fortel den ivrige fotograf-pappaen.

– Det er denne typen opplevingar han kjem til å hugse når han blir større. Den dagen han sat ute på eit jorde og fraus og såg på nordlyset.

– Og så hadde eg nok fått høyre det om eg ikkje hadde teke han med, flirer Sandnes.

Nordlys over Reed i Gloppen

PULSERANDE: Runar Sandnes frå Sandane har fotografert nordlys fleire gonger. Han seier den typen som var i går er av det litt meir levande slaget.

Foto: Runar Sandnes