– Det er kraftige tal, og ein smell vi merkar. Vi er litt i same båt som dei fleste andre avisene på vår storleik. Det er tøffe tider i avisbransjen. Men biletet er ikkje heilsvart. Vi skal stoppe denne nedgangen, seier redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.
For dei to store avisene i fylket, Sogn Avis og Firda, viser nettoopplaget for 2014 ein tilbakegang på høvesvis 386 og 338 i forhold til 2013. Også Nordfjord-avisene går tilbake, Fjordenes Tidende og Fjordingen med over 100.
Lågare opplag betyr lågare inntekter. Fardal seier at det ikkje er aktuelt å kutte tilsette eller utgivardagar i Sogn Avis, men vil heller sjå på bruk av overtid og vurderer å kutte ned på kva journalistar reiser ut for å dekke.
– Vår utfordring er at vi heng etter digitalt, no når papiravisa slit. Vi jobbar med ei betalingsløysing, men er ikkje del av eit større system og må gjere det sjølv, seier han.
- Les også: Avistala går kraftig nedover
- Sjå resultatet for alle avisene i fylket lenger nede.
Glad for mindre tilbakegang enn tidlegare
– Ein tilbakegang på 2,8 prosent er mindre enn tidlegare år. Firda kjem greitt ut i det nasjonale biletet. Alle aviser på vår storleik går tilbake. 338 er eit tal som held seg bra, seier Firda-redaktør Yngve Årdal.
Han vedgår likevel at lågare opplagstal betyr mykje mindre pengar i kassen.
– Dersom kvar enkelt legg att 2000 kroner i eit abonnement, seier det seg sjølv at inntektene går ned. Bransjen har tilpassa kostnadsnivået dei siste åra
Jublande glad redaktør
Men ein stad i fylket kan redaktør i Ytre Sogn Avis, Rune Sviggum, juble over eit stigande opplagstal.
– Vi har visst om dette ei stund. Men dette er ein god dag, det er ingen ting å lure på!
Ifølgje redaktøren har Ytre Sogn har hatt eit stabilt opplag dei siste sju, åtte åra. Han trur avisa, som satsar på Høyanger, Hyllestad og delar av Gulen i sør, tener på å satse på å møte folk der dei er, på ulike arrangement.
– Det har lenge vore ei prioritert oppgåve for oss. Vi har plukka ut område vi dekkjer opp mot 100 prosent, i alle fall så godt vi kan. Det blir lagt merke til, seier Sviggum.