Hopp til innhold

Nektar folk over 40 å komme inn

Utestaden Salto 56 i Florø ser seg nøydd til å nekte folk over 40 år tilgjenge til diskoteket. Årsaka er at godt vaksne austeuropearar klår på unge kvinner.

Aldersgrense på utestad i Florø

HÅPAR DET HJELPER: Ei øvre aldersgrense er einaste måte å unngå bråk, meiner eigarane av denne utestaden.

Foto: Johan Moen / NRK

Sunni Book
Foto: Johan Moen / NRK

–Viss dei ikkje kan la jentene få gå i fred og danse og ha det gøy, så har dei ingenting der å gjere, seier Sunni Book.

Stiller seg opp ved dansegolvet

Saman med sonen Dan Roger Book og to andre har ho i tre år drive utestad i kystbyen. No ser eigarane seg tvinga til å nekte dei over 40 tilgjenge.

Årsaka er at eldre gjestearbeidarar har klådd på jentene på diskoteket og at dei lagar bråk, seier dei fire eigarane til lokalavisa Firdaposten.

Dei mange utanlandske arbeidarane i byen ikkje høyrer etter når vaktene snakkar til dei.

– Vi har eit dansegolv. Der sit eldre menn seg på høgtalarane rundt golvet og ventar på at dei skal komme ut så dei har noko å sjå på og eventuelt klå på, seier Dan Roger Book til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Ein utestad i Florø stengjer ute alle over 40 år. Grunnen er at dei meiner mennene klår på yngre jenter.
Eigarane seier dei har prøvd alt anna, men at nok er nok.

SJÅ TV-REPORTAJSE

Har prøvd å vise ut folk

Eigarane meiner dei har forsøkt alt dei kan, utan å innføre aldersgrense, men seier nok er nok.

– Vi har prøvd alt mogleg anna som folk meiner vi bør gjere, men det har ikkje hjelpt. Vi har prøvd å utvise dei og stengje dei ute på andre måtar, men det går ikkje i lengda. Alder kan dei derimot ikkje rømme frå, seier Book.

Dermed må alle over 40 finne seg ein an stad å gå.

– Problemet er at veka etter kjem det ei ny gjeng med leigearbeidarar. Då har vi det same problemet. Og då veit ungdomen at «der oppe er det jo alltid problem. Kvifor skal vi gidde å gå ut då?». Dei unge vil ut på byen for å ha det gøy og kjenne seg trygge. Samstundes vil vi at både dei og våre tilsette skal kjenne seg trygge.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utestaden Salto i Florø

18–40 ÅR: Utestaden Salto 56 ligg midt i Florø sentrum. Har du bikka 40 her, er det berre å snu.

Foto: Johan Moen / NRK

Veftstillitsvald reagerer

Ved skipsverftet Westcon Yard i Florø har lenge hatt eit stor tal utanlandske gjestearbeidarar. Hovudtillitsvald Audun Grønnevik reagerer sterkt når han får høyre om erfaringane frå utestaden.

– Det er jo uakseptabelt at vaksne folk held på å klå på desse småjentene, seier Grønnevik.

Han strekar under at han aldri opplevd noko problem med dei utanlandske arbeidarane ved verftet, som i hovudsak kjem frå Aust-Europa..

Audun Grønnevik

VIL TA DET OPP: Hovudtillitsvald Audun Grønnevik ved Westcon Florø seier han berre har gode røynsler med austeuroperane på verftet.

Foto: Johan Moen / NRK

– Her oppfører dei seg skikkeleg. Vi har kvinner her også. Det er aldri noko tull med dei her på jobb. Vi har i grunn berre godt å seie om dei. Viss det er slik, så må det jo takast opp. Det er jo beklageleg at dei må stengje for dei over 40. Eg vil ta det opp med formennene til dei utanlandske arbeidarane våre, så får dei formidle det vidare, seier tillitsmannen.

På verftet møter NRK.no den polske leigearbeidaren Tomasz Puszkiewicz. Han er sjølv for ung til å bli råka av den nye aldersgrensa ved utestaden, men åtvarer sterkt mot å skjere alle under ein kam.

– Dette er berre ein stereotyp. Når ein eller nokre få menn roter det til, så trur folk at alle frå Aust-Europa ikkje kan oppføre seg, seier verftsarbeidaren.

– Vi er ikkje rasistar

Eigarane av utestaden har forståing for at folk kan reagere på aldersgrensa. Dei meiner likevel at dei ikkje driv med meir diskriminering enn andre utestader.

– Det er ikkje unikt at vi set ei aldersgrense ved 40 år. Eg treng ikkje reise lenger enn til Bergen så blir eg stoppa i døra fordi eg er over 28 år. Eg kan komme i ei Canada-goose-jakke og bli nekta tilgjenge på ein annan stad, eller komme i MC-vest og bli nekta. Så det er ikkje noko unikt i dette. Men det er vanskeleg å be dei gå heim og leggje att haldningane og kulturen sin heime, før dei går på byen.

– Vi er ikkje rasistar. Det finst så klart bråkmakarar blant asylsøkjarar og etniske nordmenn også, men i det store og det heile er det austeuropeiske gjestearbeidarar som lagar dårleg stemning.

No håpar Book som dei meiner har blitt skremt vekk, vender tilbake til utestaden

– Vi sjå kva som skjer, om dette fører til at ungdomen ønskjer seg tilbake. Det håpar vi sjølvsagt. Vi har innført dette som ei prøveordning.