Hopp til innhold

Her er signaturane dei ikkje ville vise

Fylkesordførar Jenny Følling stadfesta i går at avtalen mellom Fjord1 og Torghatten er signert. Etter litt om og men har NRK fått innsyn i den sida av kontrakta der dei fysiske signaturane står.

Her er signaturane dei ikkje vil vise

HEMMELEGHALD: Fylkesrådmann Tore Eriksen (t.v.) ville lenge ikkje offentleggjere signaturen til Jenny Følling.

Foto: Montasje / NRK

Heile den omfattande og omstridde kjøpsavtalen mellom dei to ferjeselskapa er unnateke offentlegheit ut frå at dette er ein forretningsavtale. NRK bad om å få sjå signaturen, men vart først nekta innsyn av administrasjonen i fylkeskommunen.

No har dei altså gjeve etter.

Fylkesrådmann Tore Eriksen har tidlegare i dag ikkje vore viljug til å gje nokon kommentar på saka. NRK kontakta han både på telefon og via SMS, utan respons.

Skal vurdere offentlegheit

Derimot var det informasjonssjef Ingvild Ramstad som svara for fylkeskommunen om bakgrunnen for å nekte innsyn. Ho presiserte då at avtalen er signert.

– Vi vil vurdere om underskriftssida i avtalen kan offentleggjerast. Det vil vi gjere så snart som råd er. Det er eit stort dokument og vi er underlagt juridiske plikter som vi sjølvsagt må følgje, seier Ramstad på vegner av fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fylkesutvalet har bede administrasjonen i fylkeskommunen om å nedgradere dokument i Fjord1-saka så snart det let seg gjere.

Overlèt til fylkesrådmannen

Fylkesordførar Jenny Følling overlèt dette arbeidet heilt og fullt til fylkesrådmannen, også om folk flest skal få sjå signaturen hennar på avtalen med Torghatten.

– Dette må fylkesrådmannen gjere greie for. Fylkesutvalet har bede om at så mykje som mogleg vert offentleggjort etter kvart i denne saka. Det vil tene absolutt alle og saka. Det må ein følgje opp etter kvart som ein har heimel til å gjere det juridisk, seier Følling.

– Men sidan de bad om dette så er det ingen dokument som er frigjort, kan ikkje de som politikarar leggje meir press på administrasjonen i denne saka?

– Fylkesutvalet har gjort sitt vedtak, og så må fylkesrådmannen gjere greie for korleis han følgjer dette opp.

Torghatten vil ikkje hjelpe til

Det ligg føre ein såkalla konfidensialitetsavtale mellom fylkeskommunen og kjøparen Torghatten.

I ein epost til NRK slår administrerande direktør Brynjar Forbergskog det fast at han ikkje vil bidra til å syne fram signaturane.

– Avtalen er signert og det er avtala at den skal vere konfidensiell. Dette held vi oss til, skriv Forbergskog.

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes tykkjer det er rart at ikkje underskriftene kan vere offentlege.

– Eg kan ikkje forstå at dette er noko problem, seier Kjelsnes til NRK.