Hopp til innhold

Samferdsleministeren nektar å offentleggjere den faglege innstillinga i E39-saka

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) rasar over at samferdsledepartementet nektar å offentleggjere si eiga innstilling i E39-saka.

Ketil Solvik-Olsen og ferjekapteinen

NEKTAR: Mange meiner intern usemje i regjeringa er årsaka til at fagstatsråden sjølv ikkje presenterte E39-avgjerda. Ketil Solvik Olsen (Frp) vil ikkje seie kva innstilling han har gjeve i E39-saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det blir knytt spørsmål til kvifor det var statsminister Erna Solberg (H), og ikkje samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (Frp), som presenterte regjeringa sitt E39-vedtak.

Men Solvik Olsen nektar å offentleggjere departementet si faglege innstilling.

– Kvifor nektar dei å offentleggjere innstillinga dersom dei har vore samde, spør ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (Sp).

Stiller spørsmål

Avgjerda kom seint, då den i pinsa slo ned som ei bombe i Gloppen og Eid, og som ei gledeleg melding i Indre Nordfjord.

I Nordfjord vil regjeringa leggje E39 i tunnel gjennom Utvikfjellet og i bru over fjorden i retning Kvivsvegen og Volda. Til brua kjem, skal E39 framleis gå over Anda - Lote.

At avgjerda har trekt ut i tid har fleire tolka som ei intern usemje i regjeringa.

– Det var statsministeren sjølv som la det fram. Det tyder vel på at overordna ting har gjort at det ikkje var samferdsleministeren som gjorde det, seier Hans Os, styremedlem i Gloppen Høgre.

Nektar for usemje

Erna Solberg, stortingsvalget 2013

AVVISER: Statsminister Erna Solberg avviser intern usemje mellom regjeringspartia.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg gjer meg mange tankar og eg skal ikkje seie alle no. Eg tykkjer ikkje prosessen frå Høgre si side har vore god. Eg ville gjerne høyre samferdsleministeren forsvare den avgjerda som er teken med eigne ord, seier nestleiar Tore Hjelle i Eid Høgre.

Samstundes som både Solvik Olsen og Solberg nektar for intern usemje, vil ikkje samferdsleministeren gi ut si innstilling.

– Når vi arbeider internt, så blir det gjort ein del arbeid som handlar om interne prosessar. Den indre prosessen i regjeringa kommenterer eg ikkje uansett. Det er konklusjonen vi tek som er viktig, seier Solvik Olsen.

Solberg avviser

Dette meiner ordførar Ryssdal i Gloppen svekkjer tilliten til vedtaket og regjeringa.

Anders Ryssdal

VIL SJÅ: Anders Ryssdal (Sp), ordførar i Gloppen, vil gjerne sjå samferdsleministeren si faglege innstilling i E39-saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det har noko med tilliten til dei styrande å gjere. Då burde det kome fram kva departementet meiner, seier Sp-ordføraren.

Solberg avviser på si side at ho har overprøvd samferdsleministeren.

– For det første meiner eg vi aldri skal høyre på rykte, så eg kjem aldri til å kommentere dette. Regjeringa har fatta eit vedtak og ingen vil ta dissens i saka. Dette er berre spekulasjonar, seier statsministeren.

Ryssdal er likevel lite imponert over regjeringspartia i denne saka.

– Det er feil at dei ikkje kan opplyse kva departementet si tilråding er. Det smaker partipolitikk, Høgre har bestemt seg og det er svært beklageleg.

– Uhøyrt

Partileiar Knut Arild Hareide i Krf seier det er uhøyrt dersom statsminister Solberg har overprøvd samferdsleministeren i saka.

– Her er det ikkje partistrategiske omsyn som skal vektleggast, men det som er best for Sogn og Fjordane og for den regionale riksvegen gjennom fylket, seier han og ikkje er overraska dersom saka har splitta regjeringa internt.