– Eg er huseigar og har fleire leigebuarar. På heimesida til Huseiernes Landsforbund, der eg er medlem, finn du kontraktar på både bokmål, engelsk, polsk og urdu. Men ikkje på norsk, seier Fuglestad.
Det han kallar norsk går for dei fleste andre som nynorsk.
– Eg måtte berre byrje å kjempe for å få det på plass. Men det tok si tid. og det har vore ein del purringar. Første kontakt med forbundet var 6. juli 2011.
– Heilt normalt, dessverre
Fuglestad er ikkje overraska over at det har teke lang tid, for han har vore i liknande kampar tidlegare. Hausten 2013 vann han over Sjøfartsdirektoratet etter ein årelang kamp.
– Det er vanleg det. Dei som nyttar bokmål er i majoritet. Då er det vanskeleg for dei å sjå at ikkje alle nyttar same språk. Så det er heilt normalt, dessverre.
Av den meir kuriøse sorten leia han ei gruppe som omsette internett-spelet Hattrick til nynorsk.
– Dersom eg interesserer meg for noko, og det ikkje er tilgjengeleg på nynorsk, er det ikkje sikkert eg gir meg ved eit «nei».
- Les også:
- Les også:
– Provosert
Men kva i all verda gjer at nokon orkar å ta målkampar? Svaret indikerer både ei djup overtyding og ein god porsjon staheit.
– Eg blir provosert ved avslag, og tenkjer «det skal dei ikkje sleppe unna med».
– Men kvifor er nynorsken så viktig for deg?
– Eg skal kunne velje målet sjølv. Det er min rett etter mållova. Det er min rett, og ingen i Oslo skal bestemme for meg, seier målmannen.
- Les også:
– Litt pinleg at det kom så seint
I kampen for leigekontraktar på nynorsk gjekk Fuglestad til fylkesleiar i Huseiernes Landsforbund, Jan Erik Mardal.
– Mardal har vore til god hjelp. Eg har mast litt på han også undervegs. Det er svært positivt at dette endeleg er på plass på nynorsk, seier Fuglestad.
Mardal sjølv er heller ikkje glad for at kalenderen viser 2015 før nynorske kontraktar er på plass.
– Det er litt pinleg at det kom så seint, men like fullt svært gledeleg. Det har ikkje stått på vilje – verken her eller i Oslo – men på kapasitet og ressursar. Det er flott at det no er på plass. Eg meiner all vår kommunikasjon og alt vårt kursmateriell skal vere på nynorsk til dei som vil ha det, seier Mardal.
– Det er flott med pådrivarar som Fuglestad, så det takkar eg for.