Nei takk til gåve frå Lunden

Historikar Kåre Lunden vil gje småbruket han eig til Naustdal kommune, men ordførar Håkon Myrvang og kommunen seier nei takk.

Håkon Myrvang
Foto: Oddleif Løset / NRK

Målet til Lunden er at det blir oppretta eit Lundentun som kan dokumentere kulturarv og historie. Men kommunen ser seg ikkje råd til å ta på seg ei slik oppgåve, skriv Firda. For det kostar å ta over ei tomt, og kommunen må prioritere.

Garden det er snakk om er eit sjeldant intakt garsbruk frå 1800-talet. Der voks søskenparet Kåre Lunden og Eldrd Lunden opp. Han er kjend historieprofessor, ho er lyrikar og professor i skrivekunst.

Runar Hovland (V), Naustdal

GENERØS GÅVE: Runar Hovland (V) meiner kommunen bør prøve å finne ei løysing.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ei generøs gåve

Venstre-politikar Runar Hovland er ikkje samd med fleirtalet i kommunstyret. Overfor NRK.no meiner han det er viktig å ta vare på Lunden-bruket.

– Vi har fått ei veldig generøs gåve frå ein av landets mest kjende middelalderprofessorar som tilbyr kommunen å overta garden med alt inventar og verdiar intakt, som bøker og brev og fotografi og så vidare, seier han.

Men Naustdal kommune har dårleg råd, kvifor skal dei prioritere fortida når framtida ligg føre oss?

– Vi forstår veldig godt den økonomiske situasjonen Naustdal kommune er i, og vi går ikkje i strupen på Arbeidarpartiet og ordføraren når det gjeld det økonomiske. Men det vi seier er at vi må prøve alle alternativ. Vi må få litt merksend om saka og ikkje berre legge ho død.

– Store summar

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) er samd i at det er eit generøst tilbod kommunen har fått.

– Vi set stor pris på tilbodet, og vi ser at det er store kulturhistoriske verdiar i gardsbruket. Men primærtenestene er det viktigaste for oss. Vi må ta omsyn til skule og pleie og omsorg, og vi har utfordringar i drift og vedlikehald av kommunale bygg. Vi har og vedteke å legge ned ein barnehage og ein skule. Då er det vanskeleg å gå inn med millionbeløp i dette her.

– Ja, veit de kor mykje det vil koste?

– Nei, men det blir store summar, det er mykje som har forfalle, så vi er nøydde til å ta tak i det, og det er og eitt av vilkåra ved gåva. Difor har vi teke kontakt med Sunnfjord Museum og fylkeskommunen for å høyre om dei kan vere medspelarar, seier Myrvang til NRK.no.

Runar Hovland (V) og Håkon Myrvang (Ap)

USEMJE OM GÅVE: Runar Hovland (V) og Håkon Myrvang (Ap).

Foto: Oddleif Løset / NRK

I år kjem mange av turistane her på Vestlandet til å vera nordmenn. 
Det trur turistnæringa, som også forventar rekordbesøk i år.
Nærings- og fiskeridepartementet kuttar talet regionar i Fiskeridirektoratet frå sju til fem. Men regionkontoret i Måløy får halde fram som i dag.
Freder flyplassene i fire år