Hopp til innhold

Navarsete oppgitt over Naturvernforbundet

– Det er ingen grunn til å lytte til Naturvernforbundet, absolutt ikkje. Det seier stortingspolitikar for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, om forslaget om å tillate ynglande jerv på Vestlandet.

Liv Signe Navarsete

FEIL: Forslaget frå Naturvernforbundet om ynglande jerv får Liv Signe Navarsete til å riste på hovudet. – Heilt feil, seier ho.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

– Eg blir nesten mållaus, vedgår den tidlegare Senterparti-leiaren.

Naturvernforbundet vil ha ynglande jerv også på Vestlandet, i fylka Sogn og Fjordane og sørover. Stortinget har bestemt at det er mål om 39 årlege ynglingar av jerv, eit bestandsmål forbundet i seg sjølv meiner er for lågt.

Dei meiner det også i region 1, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Aust-Agder, bør vere mål om ynglande jerv.

– Jerven er ein opphavleg del av vestlandsnaturen og det er rart at region 1 ikkje skal ha ansvar for å bidra til å bevare ein sterkt truga art, seier Arnodd Håpnes.

– Vi ligg over bestandsmålet

– Dette synest eg er heilt feil, er den kontante kommentaren frå Liv Signe Navarsete som sit på stortinget for Senterpartiet.

Ho viser til at det i år vart registrert 65 jervekull. Etter fleire ekstraordinære hiuttak var det i vår 48 attlevande ungekull.

– Vi ligg framleis over bestandsmålet. Med dei tala vi ser er det ingen grunn til at vi skal utvide områda for yngling av jerv ytterlegare, meiner Navarsete.

Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet vil ha ynglande jerv på Vestlandet

VIL HA MEIR JERV PÅ VESTLANDET: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet vil ha ynglande jerv også i region 1, i fylka Sogn og Fjordane og sørover på Vestlandet.

Foto: BBC/Jo Straube

Trur ikkje dei får politikarane til å snu

Naturvernforbundet på si side meiner Norge må ta eit større ansvar for å bevare den europeiske bestanden av jerv, og viser til at jerven er ein truga dyreart i Norge.

Dei vil bruke eit kvart høve dei har for å prøve å få politikarane med seg på å endre føringane gitt i stortingsforliket frå 2004. Navarsete har lite trua på at dei vil få det til.

– Det var eit breitt forlik. Vi har sett frå dagens regjering at dei heldigvis heller vil sjå på korleis ein kan ta ut jerven meir effektivt. Vi må heller nærme oss bestandsmålet enn å tenkje på å gå i andre retninga, seier Navarsete.

Heller ikkje leiar i rovviltnemnda for region 1, Høgre-politikar Noralv Distad i Aurland, trur Naturvernforbundet vil greie overtyde stortingspolitikarane om å endre politikken på dette feltet.

– Eg meiner Stortinget hadde ei grundig handsaming av rovdyrproblematikken. Dei gjorde sine vedtak, og vi forvaltar dei, seier han.