Hopp til innhold

Navarsete ber statsråden rydde opp i nynorsk-strid

Tidlegare statsråd Liv Signe Navarsete ber justis- og beredskapsmininster Anders Anundsen sjå på saka der Jens Brekke krev bota si på nynorsk.

Liv Signe Navarsete

VIL HA SVAR: Liv Signe Navarsete ber justis- og beredskapsminister Anders Anundsen uttale seg i Brekke-saka.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg tykkjer det er for gale. Det bør vere eit sjølvsagt krav å få brev frå det offentlege på nynorsk i Sogn og Fjordane, seier Navarsete.

Brekke fekk i mai i fjor eit førelegg på 7.000 kroner for å ha tent bål utan løyve. Brekke gav beskjed, både til Sogn og Fjordane politidistrikt og Statens innkrevjingssentral at han ikkje kom til å betale før han fekk bota på nynorsk.

Statens innkrevjingssentral har no droppa alle purregebyr og varsel om tvangsinndriving. Men trass i at det er åtte månadar sidan Brekke fekk førelegg, har han framleis ikkje fått bota på nynorsk.

Vil ha svar innan rimeleg tid

Han har heller ikkje fått noko svarbrev frå politidistriktet.

– Han har sendt fleire brev som han ikkje har fått svar på. Så her bryt politiet både mållova, som seier at dei skal svare på den målforma dei får brev på, samt at har brote forvaltningslova ved å ikkje svare, seier Navarsete.

Ho har sendt skriftleg spørsmål til statsråden.

Jens Brekke med dokumenta så langt

KORRESPONDANSE: Bunken med dokument veks og veks. Men Jens Brekke har framleis ikkje fått bota si på nynorsk.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– Det er han som er øvste styresmakt på dette området. Eg har bedd om at han syter for at Brekke både får bota si på nynorsk, og at han får svar på dei breva han har sendt, på nynorsk, seier Navarsete.

Politiet har på si side synt til ein uttale frå Sivilombodsmannen i ei liknande sak, der det heiter at rettargangsverksemd er eit område der mållovsreglane ikkje gjeld.

– Eg er kjend med det, og eg er klar over at statsråden kan gøyme seg bak Sivilombodsmannen. Men viss så skulle skje, meiner eg det er både slapt og feigt, seier Navarsete.

Trur det handlar om vilje

Ho meiner at politimeisteren, til liks med andre offentlege etatar, må rette seg etter mållova.

– Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke. Det kan ikkje vere så vanskeleg å omsetje. Dei har vel eit standardformular. Her snakkar vi om vilje, ikkje om evne, håpar eg, seier Navarsete, som ventar svar i løpet av neste veke.

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med politimeister Ronny Iden for ein kommentar.