Hopp til innhold

Ny splid i Naustdal: Rive eller pusse opp?

Naustdal kommune er allereie splitta i synet på sjødeponi i Førdefjorden. No har innbyggjarane fått ei ny betent sak – framtida til skulen.

Naustdal barne- og ungdomsskule

NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE: Skal denne delen av skulen, som er frå 1968, byggast ut eller rivast? Og korleis skal det finansierast? Det klarer ikkje politikarane å bli einige om.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Vallogo

Naustdal Barne- og ungdomsskule er eit lappeteppe av nybygg og påbygg som er gjort over lengre tid. Eit siste byggetrinn står att for å få modernisert skulen heilt.

Men politikarane er ikkje samde om dei skal rive bygget eller pusse opp den siste delen av skulebygget, og korleis dei skal finansierast.

Ikkje plass til alle elevane

For dei som jobbar ved skulen er det frustrerande med mellombelse løysingar som no ser ut til å bli verande så langt fram dei kan sjå. Etter at fleire grendeskular er lagde ned, er kapasiteten ved skulen sprengt.

– Vi har ikkje plass til alle elevane som skal vere i den eldste delen, seier plasstillitsvald Leif Kvamsdal. Han viser rundt i det gamle bygget.

Han er uroa for dei pedagogiske planane som er lagde, men som ikkje gir effekt i det gamle bygget der ein må fylle klasseromma til randa for å få plass. Heller ikkje byggteknisk er skulen tilfredsstillande.

– Her skulle vore ei branndør, men det har vi ikkje. Vi har heller ikkje grupperom, toalettforhold, klasserom, garderobar. Det er ikkje godt nok for elevane, seier han.

Leif Kvamsdal

UROA: Plasstillitsvald ved Naustdal Barne- og ungdomsskule, Leif Kvamsdal, er uroa over politikarane som tuklar med planar som er lage over fleire år – både med pedagogikk og skulebygg.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Bygg frå 1968

I den gamledelen av skulen, som er frå 1968, skal elevane mellom anna ha kunst og handverk. Men rommet er knøttlite og ligg vendt inn mot fjellet, så det er sparsamt med dagslys.

– Rommet hadde ikkje blitt godkjent etter dagens regelverk, seier undervisningsinspektør Marit Varpe Kåsen.

Det er politisk semje om at noko må gjerast med skulen. Men om bygget skal rivast eller om dei skal bygge nytt blir dei ikkje einige om. Finansieringa er stridens kjerne. Arbeidarpartiet vil selje kraftaksjane for å løyse problemet.

Senterpartiet sette ned foten

Senterpartiet sin listetopp Erlend Herstad meiner det er kortsiktig tenking å selje kraftaksjane. Herstad sa to veker før valet at investeringane i kommunen må stoppe, takta er for høg. Dermed sette dei foten også ned for å få fullført det siste byggesteget ved skulen.

Erlend Herstad

VIL TA NED INVESTERINGSTAKTA: Senterpartiet og ordførarkandidat Erlend Herstad, vil ikkje selje kraftaksjar for å få bygt ferdig skulen.

Foto: SP/Ragne B Lysaker

– Vi seier ikkje at vi nødvendigvis vil stoppe utbygginga, men vi set spørsmålsteikn ved korleis det skal finansierast. Skal ein selje kraftaksjar eller skal ein kutte i driftsmidlar? Eg meiner vi manglar klare svar frå den politiske leiinga på kvar dei titals millionane ein treng for å bygge sør-fløya skal hentast frå, seier Herstad.

Men for ordførar Håkon Myrvang (Ap) meiner finansieringa er klokkarklar.

Håkon Myrvang

KRYSTALLKLART: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) meiner sal av kraftaksjane er den beste løysinga for å få realisert skulebygget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det ligg i økonomiplanen og det er finansiert. Det skal vi gjere, som ein del av det, gjennom å selje kraftaksjar. Når vi ser budsjettet vil vi sjå korleis vi må gjere det, seier Myrvang.

– Må bevare det lokale eigarskapet

Denne løysinga er Herstad usamd i, også fordi kraftselskapet Sunnfjord Energi meiner lokalt eigarskap er viktig for utviklinga i selskapet.

– Ved å selge oss ut seier vi eigentleg at vi ikkje ønskjer å utvikle selskapet. Så her vi må vere tydelege på kva vi vil.

Men ordføraren held fast på at dette er den beste strategien.

– Ved overgangen frå økonomiplan til budsjett vil dette bli tydeleg, først då vil vi sjå kva vi må gjere med kraftaksjane. I dette ligg det også at kommunestyret har bede administrasjonen sjå på dette med kraftaksjane.

Motbør også frå SV

Heller ikkje det tradisjonsrike "lærarpartiet" SV, med Åsmund Berthelsen i spissen, meiner løysinga til ordføraren er god nok.

Åsmund Berthelsen

STOLAR IKKJE PÅ Ap: SV og Åsmund Berthelsen er ikkje sikre på om dei kan stole på Arbeidarpartiet i skulesaka.

– Realiteten er at Naustdal kommune har lagt opp til ei utbygging av Naustdal Barne- og ungdomsskule som ikkje er finansiert. Dei har laga ei mellombels løysing som ifølgje Utdanningsforbundet ikkje er tilfredsstillande og som ikkje varer meir enn eitt år til.

Håkon Myrvang – de har ikkje plass til elevane – korleis skal de løyse dette?

– No skal vi bygge ferdig skulen. Då skal det bli god plass til elevane i Naustdal. Det er ein byggeperiode fram til 2018. Så berre Ap gjer det godt i valet er sørfløya sikra, og vi får full utbygging på Naustdal Barne- og ungdomsskule.

Stolar ikkje på Arbeidarpartiet

Det er Berthelsen skeptisk til.

– Kan vi stole på det? Ved førre val sa Arbeidarpartiet at dei ville behalde Dalen skule. Det gjekk ikkje lang tid før den var lagt ned.

Medan politikarane kranglar håpar dei tilsette og plasstillitsvald Leif Kvamsdal på eit nytt kommunestyre som står ved tidlegare lovnadar.

– Naustdal kommunestyre har vedteke utbygging, så dei må stå for vedtaket. Dei må halde det dei har lova og dei må bevare det som ligg i planane seier han.