Hopp til innhold

Mykje tamfisk blant villaksen

Tjue prosent av laksen i Jølstra er fødd av oppdrettsfisk, og bestanden vert karakterisert som svært dårleg. Det kjem fram i ein ny rapport der NINA og Havforskingsinstituttet har DNA-testa laks i 125 vassdrag, skriv Firda. For at ein bestand skal få karakteren svært dårleg må meir enn ti prosent stamme frå oppdrettsfisk. I Nausta, Åelva og Gloppenelva står det ifølgje rapporten derimot godt til med villaksstammen.