Hopp til innhold

Mykje snø over heile fylket

Snø pregar vêret i Sogn og Fjordane i dag. Fleire stader er det kome mellom 30 og 40 centimeter.

Mykje snø

SNØFALL: I Jølster har det kome over 30 centimeter i løpet av natta.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Snøbyene kjem nok til å halde fram ut over dagen, seier meteorolog Haldis Berge.

Sjølv om det er store lokale forskjellar på kor mykje snø som kjem, så må heile fylket rekne med påfyll i løpet av dagen.

– Det er nord og nordvest vind som driv snøbyene inn over fylket, seier Berge.

Innesnødd

For mange var nok dei store snømengdene som har kome i løpet av natta ei stor overrasking. Slik var det i alle fall for Elin Haugen i Naustedalen.

– Eg fekk nesten sjokk, då eg kom ut på trappa så tenkte eg berre oi, kor er spaden, seier Elin Haugen.

Nesnødd

NEDSNØDD: Mykje gravearbeid før denne kom på vegen i dag.

Foto: NRK-tipsar

Etter kvart purra ho ut mannen også, slik at han kunne brøyte med traktoren, for med spade gjekk det for seint.

– Då hadde eg nok stått her enno, for vi har eit stykke før vi kjem ut på vegen.

I Naustdedalen der ho bur, reknar ho med at det har kome over halvmeteren med snø i løpet av natta.

– Heldigvis så var ikkje snøen så tung, men det var så mykje at eg ikkje hadde kome meg på vegen. Eg hadde vel ikkje kome ut av garasjen ein gong, seier Haugen.

Mykje snø

OVER HALVMETEREN: Mykje snø å rydde i Naustedalen i dag.

Foto: NRK-tipsar

Brøyter for harde livet

Over heile fylket er brøytemannskap i full gang med snørydding. I Førde har Tor Rune Vie vore i gang sidan klokka 0400 med å rydde etter det første store snøfallet denne vinteren.

– Det kom veldig brått på, seier Vie.

Brøyting i Førde

BRØYTING: Travel morgon for Tor Rune Vie, og dei andre som ryddar snø.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Sjølv måtte han køyre med firehjulstrekkar for å kome seg på jobb i dag.

– Vi har jo slike som postbilen som var tidleg ute, og då var det 30–35 centimeter snø og ikkje brøytt i heile tatt. Så postbilen har nok hatt litt problem i natt, tenker eg.

Han har ansvar for å brøyte i byggefelta og dei kommunale vegane, der tusenvis skal på jobb.

– Det går nokre timar. Det som er problemet er bilar som i bustadfelta som at det blir svært trongt når vi kjem med store maskiner, seier Vie.

Meir snø i vente

Statsmeteorolog Haldis Berge

MEIR I VENTE: Statsmeteorolog Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

Og det er meir snø i vente, seier Haldis Berge, ved vêrmeldinga på Vestlandet.

– Første halvdel av denne veka blir nok vinterleg. Torsdag går vinden over på meir søraustleg. Det blir opphaldsvêr, men temperaturane kjem til å stige, seier Berge.